Redd Barna Ungdom: Eit elendig budsjett for asylbarn

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Taparane i årets statsbudsjett er heilt klart asylbarna. Eg er skuffa over at barna år etter år blir svikta til fordel for politisk spel, seier Mina Vinje, leiar i Press, i ei pressemelding frå organisasjonen.

Kuttar i støtte til mottak

Statsbudsjettet viser eit kraftig kutt i driftsstøtta til asylmottak for einslege mindreårige mellom 15 og 18 år. Budsjettet er halvert frå 2018 til 2019.

Noko av kuttet skuldast truleg at det kjem færre asylsøkande ungdommar til Noreg, men dette er ei forklaring Press ikkje opplever som tilstrekkeleg.

– Vi har sett at mange av mottaka for asylbarn har blitt nedlagde. Barna har blitt flytta fram og tilbake og har opplevd store belastningar.

– I ein periode med lave ankomstar må vi fokusere på å gi ungdommane eit godt tilbod og en heim kor dei føler seg trygge. Regjeringa finn seg i staden i å la barna bu i gamle, mugne bygg som fell frå kvarandre. Det er ikkje slik vi behandlar barn i vårt samfunn!, seier Vinje.

Les også: Press: Skummelt om vi ignorerer FN

Mindre pengar til asylbarn under 15 år

Det vert også gitt mindre pengar enn før til omsorgssenter for einslege asylsøkande barn under 15 år. Desse barna blir tekne hand om av barnevernet.

Rapporten «Levekår for barn i asylsøkarfasen» viser at barn som bur på mottak meiner det er viktig å ha tilgang på dei vaksne si oppfølging og omsorg, og at det å ha nokon å snakke med skaper tryggleik i kvardagen.

91% av barna under 15 år som bur i omsorgssenter føler seg trygge, mot 50% av barna på asylmottak for einslege mindreårige, melder Press, Redd Barna Ungom.

No får omsorgssentra mindre pengar. Vinje stiller seg undrande til kuttet.

– Her vil ein tydelegvis òg gjere barna under 15 år mindre trygge. Regjeringa foreslår å kutte i ei ekstremt viktig ordning som faktisk har fungert godt! Veldig mange av barna under 15 år har vore nøgde med staden dei har budd og dei vaksne som har teke vare på dei. Vi vet at dette har fungert godt. Kvifor skal ein da kutte?

Les også: Einslege mindreårige føler seg utrygge på asylmottak

Mindre opplæring til ungdom på flukt

58 millionar er kutta i tilskuddsordninga for grunnopplæring for barn som søker asyl. Desse pengane går til opplæring og utdanning av barn og ungdom medan dei ventar på behandling av asylsøknaden sin.

Press reagerer kraftig på det dei omtalar som «å fråta barn deira rett til utdanning». Vinje uttrykker stor misnøye med kuttet.

Les også: Ho er den nye leiaren i Press

Mindre til dei som treng det mest

Mina Vinje uttrykker misnøye med korleis forslaget til statsbudsjett kuttar jamnt over fleire budsjettpostar som påverkar asylsøkande barn. Ho nemner stønad til barnefamiliar, rett til skolegang, barnefagleg kompetanse og ei omsorgsoverføring frå UDI til barnevernet for einslege barn frå 15 til 18 år.

Vinje ser kutta i samanheng med at det ikkje er like mange flyktningar som søker asyl i Noreg. Likevel er ho skuffa over at Regjeringa ikkje vil bruke ei slik anledning til å betre vilkåra for barna som treng det aller mest.

– Eg skulle gjerne sett at pengane heller vart brukte til å auke barnefagleg kompetanse, betre levekår på mottak, og ikkje minst å gi alle einslege asylsøkande barn lik rett til omsorg. Eg har fått nok av korleis vi lar barna bli kasteball i et politisk spel, og håper at andre parti seier seg ueinige i desse kutta, seier Vinje i pressemeldinga.

Les også: FN kritiserer Noreg for behandling av einslege mindreårige asylsøkarar