Ny læreplan, betre nynorskopplæring

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne hausten sit ei nemnd i Utdanningsdirektoratet og skriv ein ny læreplan i norsk. Dei har sjansen til å retta opp i feila som finst i den gamle læreplanen, og halda på dei gode verkemidla.

Tre viktige grep er framleis karakter i sidemål, framleis like kompetansemål i nynorsk og bokmål og å gjera dei vage formuleringane om tidleg start med sidemål tydelegare.

Læreplanen må òg seia noko om at han dekkjer to elevgrupper med ulike fyrstespråk og difor ulike utgangspunkt. Det vil gjera det lettare å vera nynorskelev om det står i læreplanen at dei er i ein anna situasjon enn bokmålselevane.

Les også: Mållaget kritisk til vurderingsordninga i ny læreplan i norsk

Sidemålsbråk

Knapt ein skuledebattsesong går utan at det er bråk om sidemålsundervisinga for bokmålselevar. Det er ikkje so rart. For medan nynorskelevane meistrar både nynorsk og bokmål, er det høgst varierande kor gode bokmålselevar vert i nynorsk.

Dette kan me ordna ved å betra læreplanen: Bokmålselevane lyt byrja å eksprimentera med sidemålskriving tidleg på barneskulen, og skriva fast på sidemålet før dei byrjar på ungdomsskulen. Då får dei eksponering og mengdetrening i å skriva på nynorsk før karakterpresset slår inn, og dei byrjar sidemålslæringa medan evna til å læra språk er best.

Gode kompetansemål er eit langt steg i rett retning.

Lærer ikkje nynorsk godt nok

Sidemålskompetansen til nynorskelevane er ikkje for dårleg – han er heller for god.

Karakterresultuata frå nynorskområda syner at nynorskelevane meistrar bokmål minst like godt som nynorsk.

Sett på spissen: Mange nynorskskular lærer ikkje nynorskelevane nynorsk godt nok. Læreplanen i norsk er ein viktig grunn til dette.

Når det ikkje står noko i læreplanen om at det er annleis å vere nynorskelev enn bokmålselev, vert ikkje lærarane minna på at dei må ta omsyn til nynorskelevane. Da får nynorskelevane dårlegare opplæring.

Bokmålsdominans, dialekt og dataspel fører til svakare språkferdigheiter hjå unge nynorskbrukande gutar. Les saka her!

Fiks nynorskundervisinga

Det er heilt koko. Nynorsk er eit mindre brukt språk enn bokmål, og difor må me handsama nynorskelevane annleis. Dei treng å lesa og skriva mest mogleg nynorsk på skulen, og minst mogleg bokmål. Det får dei meir enn nok av utanfor skuleveggane.

Kravet frå Norsk Målungdom er difor klart: Fiks nynorskundervisinga for både nynorskelevane og bokmålselevane, og gje oss ein læreplan i norsk som held mål.