logo-framtida Nyhende- og debattavisa for unge
MENYLUKK
  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema
TIPS OSS
  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
TIPS OSS
Illustrasjonfoto: Filmweb. Portrettfoto: Privat.

Betre seint enn aldri

«Ingen born skal verte diskriminerte. Likevel er det ei gruppe born i samfunnet som ikkje får den omsorga og hjelpa dei treng i kvardagen», skriv Isaac Elstad Røssnes frå Follo Press.

Framtida
Publisert 22.11.2018 16:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ingen born skal verte diskriminerte. Likevel er det ei gruppe born i samfunnet som ikkje får den omsorga og hjelpa dei treng i kvardagen. Over tid har desse borna vorte gløymde, nedprioriterte og systematisk diskriminerte.

Barnevernet si oppgåve er å ivareta alle born og sørgje for at dei har det bra. Fram til 2008 hadde Utlendingsdirektoratet ansvar for alle asylsøkjande born i Noreg sjølv om omsorga som vart gitt til born under UDI ikkje var tilrettelagt for born. Dette vart endra i 2008, men berre for born under 15 år. Utvidinga som skulle sikre at også born mellom 15 og 18 år vart tekne hand om av barnevernet skulle komme allereie året etter, men denne gruppa born venter framleis.

Over tid har desse borna vorte gløymde, nedprioriterte og systematisk diskriminierte

Å skilje mellom born over og under 15 år og deira omsorgsbehov er forskjellsbehandling av born. Born over 15 år har like stort behov for støtte og omsorg. Desse borna har ofte store traumer knytt til flukta. Dei er i risikogruppa for psykiske lidingar og har det vanskeleg med å verte integrerte.

Det er heilt avgjerande at born har personale rundt seg med kompetanse til å støtte dei gjennom tøffe perioder.

  • Les også: – Eg prøver å sove mykje. Om natta er eg berre redd.

Det har vore mange argument for kvifor det er berre dei under 15 år som har vorte omfatta av Barnevernet. Mellom anna har politikarane meint at det skuldast at det er ei svært samansett gruppe, som har forskjellige omsorgsbehov. Den eigentlege grunnen er at dei utgjer den billigaste gruppa sidan majoriteten av einslege mindreårige asylsøkarar er mellom 15 og 18 år.

Berre i løpet av første halvdel av 2018 har Noreg fått tilbakemeldingar frå tre FN-komitear for den dårlege behandlinga av asylborn, høvesvis FN sin barnekomité, FN sin menneskerettskomité og FN sin torturkomité.

Kor mange tilbakemeldingar må vi få før vi tek born sine rettar på alvor?

Vi meiner at nok er nok. No må politikarane ta grep.

Alle menneske under 18 år vert rekna som born etter barnekonvensjonen til FN, og har difor rett på tilstrekkeleg omsorg og personale med kompetanse dersom dei ikkje har familiemiljø. Denne gruppa har vorte systematisk diskriminert i 13 år. Det er på tide at politikarane våre tek ansvar og innfrir alle born sine rettar. Vi kan ikkje godta at born vert forskjellsbehandla basert på om dei har asylbakgrunn eller ikkje.

Vi meiner at nok er nok. No må politikarane ta grep. Diskriminering skulle ha teke slutt for lenge sidan, men det er betre seint enn aldri.

  • Les også:Bekymra for unge asylsøkarar som forsvinn
  • SAMFUNN
  • Asylbarn
  • asylsøkjar
  • Diskriminering
  • meining
  • Meiningar
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Relaterte saker

Nora (14) om flyktningvedtak: – Skamma meg over å vere fitjarbu

Ny handlingsplan mot rasisme: – Gode tiltak, men saknar finansiering

Ungdom og arbeid prioritert i ny handlingsplan

Framtida logo

Nyhende- og debattavisa for unge – Framtida.no er ei redaksjonelt uavhengig avis, som har som mål å styrkja nynorsken og bidra til å auka og få fram engasjementet til unge.

Ansvarleg redaktør: Andrea Rygg Nøttveit

Stortorvet 10, 0155 Oslo.

Ved å bruka Framtida.no aksepterer du bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvernpolitikken vår.

  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema

Følg

Tips
Send epost til
tips@framtida.no
eller ring redaktør
Andrea Rygg Nøttveit:
481 40 342

Takk for støtta:

  • logo-fagforbundet
  • logo-abc-startsiden
  • logo-lnk
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir! Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy

Privacy Overview

This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary
Always Enabled
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Non-necessary
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.
SAVE & ACCEPT