Det er unekteleg få ting som høyrest meir demokratisk ut, men i røynda er hyppig bruk av folkerøystingar svært problematisk.
mm

Ein skulle tru at folkerøystingar var eit eintydig gode. Jo oftare ein spør folket om råd, jo betre for demokratiet og det folkelege engasjementet. Dette uttrykket for direkte demokrati blir ofte sett på som demokrati i si reinaste form.

Men i takt med ein voldsom auke i talet på folkerøystingar i Europa, kjenner stadig fleire europearar seg framandgjorte frå politikken, og rasande på politikarane.

Frå tid til annan ser ein rett nok folkerøystingar om svært viktige, politiske vegval som fører med seg stort folkeleg engasjement, og endar med å auke tilslutninga om demokratiet.

Folkerøystingar flest har derimot heilt motsett effekt.

Avgjort av vêret

Spesielt gjeld det avstemmingar som folket ikkje har føresetnader for å forstå fullt ut, eller som politikarane ikkje har evna til å gjere til røyndom. Som då Alexis Tsipras i 2015 spurde grekarane til råds om redningspakken landets kreditorar hadde tilbydd.

Folket takka nei, men Tsipras måtte likevel godta avtalen, og svekka med det tilliten til demokratiet og politikarane sett til å utøve det.

Demonstrasjon mot FARC-geriljaen. I Colombia kan vêret ha avgjort folkerøystinga om fredsavtalen. Foto: Camilo Rueda López/Flickr/CC BY-ND 2.0

Det er eit døme på at kompliserte politiske spørsmål, som ekspertar brukar årevis på å sette seg inn i, blir reduserte til enkle ja eller nei-spørsmål. Den endelege avgjerda blir dessutan påverka av ei rekke andre faktorar.

Folkerøystinga om fredsavtalen i Colombia kan for eksempel ha blitt avgjort av vêret.

Andre gonger er ikkje-relaterte politiske humørsvingingar av betydning. Folk har nemleg ein tendens til å røyste ja dersom ein støtter den samtidige regjeringa, og nei dersom ein støtter opposisjonen.

I staden for å handle om eit viktig politisk tema, endar røystingar dermed opp med å måle populariteten til regjeringa.

Les også: Likevel ikkje fred i Colombia?

Feilaktige påstandar pregar debatten

På toppen av at folkerøystingar ofte dreier seg om kompliserte spørsmål, som tar lang tid å sette seg inn i, er informasjonen folket blir gitt langt frå nøytral.

På begge sider står lobbyorganisasjonar med sin eigen agenda, som ikkje vil informere om emnet, men snarare overtyde deg om at dei har rett, og at motstandarane tar feil. Bak kampanjane sit politiske elitar og tidvis pengesterke organisasjonar som slik oppnår uforholdsmessig stor makt.

Tida etter Brexit-avstemninga har vore prega av store demonstrasjonar og uvisse rundt kva mandat den knappe avgjerda eigentleg gav politikarane. Foto: DAVID HOLT/Flickr/CC BY 2.0

Framfor å handle om dei reelle konsekvensane ved å tre ut av EU eller å bli att i EU, forsøkte «Remain» å få medlemskapsdebatten til å handle om økonomisk stabilitet, medan «Leave»-kampanjen ville det skulle dreie seg om innvandring.

Det er karakteristisk for folkerøystingar at påstanden om at britane betaler 350 millionar pund kvar veke til EU – ein påstand som viste seg å vere grovt overdriven – fekk prege debatten frå start til slutt.

Les også: Det hjernevaska folket

«A device of dictators and demagogues»

Det som kan sjå ut til å gi folket ei større rolle, endar opp med å gi makt og legitimitet til politiske elitar, og underbygger Margaret Thatcher sin påstand om at folkerøystingar er «a device of dictators and demagogues».

Den ungarske statsministeren Viktor Orban er spesielt ivrig når det gjeld å halde folkerøystingar for å styrke eigen maktposisjon. I 2016 heldt Ungarn folkerøysting om spørsmålet:

Viktor Orban er statsminister i Ungarn, og har ført landet i autokratisk retning og konflikt med EU dei siste åra. Foto: Chatham House/Flickr/CC BY 2.0

«Do you want the European Union to be able to mandate the obligatory resettlement of non-Hungarian citizens into Hungary even without the approval of the National Assembly?»

Orban visste at folket ville røyste nei, og hadde nok også bestemt seg for kva han skulle gjere lenge før avstemminga.

Les også: Kan teknologi forbetre demokratiet?

Folkerøystingar er nesten aldri svaret

I andre land spør politikarar folket om råd når dei vil unngå å måtte ta upopulære avgjerder for eiga rekning. Folkerøystingar handlar såleis ikkje om at saka er så viktig at ein meiner folket bør få uttale seg, men at den aktuelle politikaren oppnår ein personleg fordel ved å la folket avgjere.

I California er staten hamna i villfare ved at folket både har røysta for høgt offentleg forbruk, og samstundes vil ha eit lågt skattetrykk. Folkerøystingar er med andre ord ikkje ideelt viss heilskapen har noko å seie.

Som Michael Marsh, statsvitar ved Trinity College Dublin uttalte, etter å ha blitt spurt om når det kunne vere ein god idé å halde folkerøysting: – Det enkle svaret er nesten aldri.

Det er ein grunn til at nesten alle stabile demokrati i verda er representative demokrati, altså at folkerøystinga går føre seg i form av val. Unntaket er Sveits, men der fekk heller ikkje kvinner røysterett før i 1971, og i éit kanton måtte dei vente heilt til 1990 med å få røyste lokalt.

Nyleg røysta sveitsarane for å innskrenke arbeidsinnvandringa frå EU. Seinare viste det seg at det ikkje var muleg utan å miste tilgang til den indre marknaden, og sveitsarane blei nøydde til å gjere retrett.

Snarare enn å ty til folkerøysting er det stort sett best å la politikarane gjere jobben sin, og uttrykke misnøye ved neste val om dei ikkje gjer han tilfredsstillande.

Les også: Demokrati går under når dei bed om for lite frå borgarane sine

Oppdatert: fredag 23. november 2018 11.49

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE