Kan teknologi forbetre demokratiet?

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 27.02.2018 15:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette opprøret gav grobotn til teknologisk demokrati

Har du ein brukar på vTaiwan kan du seie du er med på å forme taiwansk lovverk. Men det er ikkje berre folkevalde politikarar eller juristar som har tilgang. Kven som helst kan logge seg inn og avgje si stemme.

vTaiwan er ein nettstad som skal gjere avstanden mellom myndigheitene og befolkninga kortare ved å opne opp for direkte avstemning på enkeltsakar. Det skal sikre eit transparent demokrati.

Det heile starta med eit studentopprør og ei gruppe sivil-teknologar.

Dårleg nettilgang fekk g0v på banen

I mars 2014 fekk Taipei heile verda sitt søkelys på seg, då over 10.000 studentar og unge samla seg i protest mot ein handelsavtale som Taiwan vurderte å inngå med Kina. Men den politiske leiinga nekta å ha ein open og transparent diskusjon med befolkninga om avtalen.

Studentane okkuperte difor områda rundt dei parlamentariske bygningane i Taipei. Men dårleg mobilnett gjorde det vanskeleg for demonstrantane å vite kva som gjekk føre seg i dei ulike campane, og kommunisere med resten av verda.

Vår generasjon er den første som kan snakke fritt

For å vise si støtte til opprøret sette organisasjonen g0v (uttalt gov. zero) opp wifi-tilkopling i områda demonstrantane okkuperte. g0v Taiwan er ein sivil-teknologisk organisasjon, som betyr at dei utviklar teknologiske løysingar som skal gjere det lettare for innbyggjarar å delta i politiske avgjerder.

Samarbeida med myndigheitene

Studentane okkuperte parlamentet i 23 dagar, og fekk etterkvart namnet Solsikke-rørsla. Wu Min Hsuan i g0v meiner organisasjonen hans kan takke Solsikke-rørsla for å gjere dei kjend også utanfor tech-samfunnet. For ikkje lenge etter okkupasjonen inngjekk g0v eit  samarbeid med taiwanske styresmakter om den nettbaserte plattforma vTaiwan. Og alt dette blei gjort på frivillig basis.

I 2016 blei Audrey Tang i g0v spurt om kvifor det er så mange taiwanske tech-ekspertar som meldte seg frivillig til å utvikle vTaiwan.

– Eg trur det er fordi vår generasjon er den første som kan snakke fritt – det var forbode i 40 år under Chiang Kai-sheks diktatur, svarte ho.

Slik fungerer det

vTaiwan skal forsterke demokratiet med å opne opp for at befolkninga skal kunne ta direkte deltaking i politiske avgjerder. Det fungerer på denne måten:

  • Første fase foregår på nettstaden Pol.is, der brukarar kan starte trådar om politikk eller lovar dei meiner bør endrast eller bli vedtatt. Dei kan også trykke «einig», «ueinig» eller «pass» på andre sine trådar.
  • I andre omgang blir det arrangert eit møte med akademikarar og politiske embetsmenn som skal svare på tema som er tatt opp i Pol.is. Møtet er offentleg og blir streama live.
  • Det tredje steget er eit møte med dei loven kjem til å påverke, heldt saman med representantar frå sivilsamfunnet og styresmaktene. Også dette møtet blir streamet.
  • I siste fase skal myndigheitene ta ei avgjerd. Dei kan følgje eit eventuell fleirtal frå vTaiwan, eller velje å gå i mot det. Gjer dei sistnemnte må dei levere ein nøye forklaring på kvifor dei gjekk i mot konsensusen.
vTaiwan møtet då Über si framtid i Taiwan blei diskutert

vTaiwan-møtet som diskuterte Über si framtid i Taiwan blei live-streamet og seinare lagt ut på Youtube. Audrey Tang (grøn t-skjorte) var med og tilrettela møtet.  (Foto: Skjermdump frå Youtube)

Også taiwansk media har involvert seg i det nye teknologiske demokratiet. Talk to Taiwan er eit talkshow ikkje ulikt fase to i vTaiwan, der ministrar, ordførarar og forskarar møter opp for å svare på befolkninga sine idear og tankar delt på Pol.is.

Løyste Über-gåta

Ei av sakene som er tatt opp på vTaiwan, er Über. Etter fire veker med debatt på Pol.is, blei saka tatt vidare til eit to-timars langt, live-streama møte i august 2015. 1.875 nettbrukarar deltok på møtet med akademikarar, ekspertar og representantar frå blant anna taxi-industrien og transportdepartementet.

– Alle representantane viste liten vilje til å samarbeide med kvarandre, skriv Audrey Tang, ein av tilretteleggjarane i møte, i eit møtereferat.

Dei skal likevel ha komen til einigheit på nokre felt. Über-sjåførane skal til dømes registrere seg og kunne vise fram eit gyldig førerkort. Du kan lese meir om heile prosessen her.

– Det er umulig å ta standpunkt til alle politiske sakar der ute

Saker som Über viser at vTaiwan har gjennomslagskraft. Men kan denne forma for demokratisk avstemming nå ut til folket?

Ifølgje Civist har kvar sak som blir tatt opp på Pol.is gjennomsnittleg 1.000 involverte. Møta som blir streama i fase to og tre har i gjennomsnitt 20.000 deltakarar frå nett.

Men då Framtida.no var i Taipei, hadde ingen av ungdommane vi møtte høyrt om plattforma. Heller ikkje Xu Weilun (27), Chen Shiting (26), Li Mengai (23) og Qiu Liangjun (25), som var med og demonstrerte i Solsikke-rørsla. Men etter eit kjapt Google-søk på vTaiwan har dei lagt seg ein formeining.

– Eg trur ikkje det kan fungere. Det er umuleg å sette seg inn i, og ta eit standpunkt til alle politiske saker der ute, meiner Chen Shiting (26). Lange arbeidsdagar som varar utover kvelden, mykje overtid og lange pendle-ruter til og frå jobb, tar opp mesteparten av tida deira.

–  Då eg var student var eg sterkt engasjert i ting i samfunnet eg meinte burde endrast. Men no, etter eg begynte å jobbe, har eg ikkje korkje overskot eller tid til å engasjere meg, seier Chen.

Xu Weilun, Chen Shiting, Li Mengai og Qiu Liangjun deltok i studentopprøret Solsikke-rørsla i 2014.

Tinder for politiske veljarar

Å blande teknologi med politikk er ikkje unikt for Taiwan. I forkant av det britiske valet i 2017, kunne britar som ville stemme taktisk logge på nettstaden SwapMyVote og ‘matche’ med brukarar frå andre stader i landet.

For å registrere seg måtte dei svare på to spørsmål: kva parti vil du stemme på, og kva parti er du villig til å gje ein stemme til?

Basert på desse svara, blei brukarane sett i kontakt med nokon som kunne avgje ein stemme på vegne av nokon andre. På den måten var det mogleg å gje sin stemme der stemma ville bety meir.

– Vi venter ikkje på at ein val-reform skal skje. I staden lagar vi den sjølv, sa grunnleggar av SwapMyVote, Tom de Grunwald, til iNews.

Denne saka er ein del av prosjektet «Jordbær-republikken Taiwan», gjort i samarbeid med Universitas med støtte frå Fritt Ord. Les fleire saker frå prosjektet her