Politikk og samfunn

«Kjønnsnøytralitet i lova vil ikkje automatisk føre til likestilling»

Problema til menn skal ikkje gå på kostnad av kvinner, skriv Julie Gruer (18).

Julie Gruer (18)
Fylkesstyremedlem i AUF i Akershus
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål av redaksjonen.

Forslaget til mannsutvalet om å gjere likestillings- og diskrimineringslova kjønnsnøytral ved å fjerne fokuset på stillinga til kvinner, er ei drastisk endring som ikkje tar tilstrekkeleg omsyn til dei eksisterande likestillingsutfordringane kvinner framleis står overfor.

Sjølv om likestillinga har komme langt i Noreg, er det framleis betydelege skilnader mellom kjønna.

Framleis utsette for diskriminering

For det første tener kvinner framleis mindre enn menn. Kvinner har ei bruttoinntekt som utgjer 69 prosent av inntekta til menn i løpet av eit år, og mange kvinner arbeider i deltidsstillingar, ofte på grunn av omsorgsansvar.

Denne økonomiske ulikskapen reflekterer djupare problem som ei kjønnsnøytral lov ikkje vil løyse. Kjønnsskilnader i løn, formue og arbeidstid viser at kvinner som gruppe framleis er utsette for diskriminering og manglar lik tilgang på økonomiske ressursar og er viktig å legge press på.

quote-left

Kvinner som gruppe er framleis utsette for diskriminering

quote-right

Vidare er det færre kvinner i leiande stillingar i samfunnet, noko som indikerer at kvinner framleis møter barrierar i karriereutviklinga. Dette er et klårt eksempel på at det framleis er behov for tiltak som spesielt rettar seg mot å betre stillinga til kvinner i samfunnet.

Kan forverre skilnadene

Sjølv om det er viktig å anerkjenne og adressere utfordringane til menn, betyr ikkje dette at vi bør fjerne den spesifikke beskyttelsen kvinner har i lova. Å endre lova til å vere kjønnsnøytral kan svekke fokuset på dei vedvarande problema som kvinner møter.

Ei kjønnsnøytral tilnærming risikerer å ignorere dei ulikskapane som framleis eksisterer, og kan difor bidra til å oppretthalde eller til og med forverre desse skilnadene.

Likestillingslova har vore eit viktig verktøy for å fremje rettane til kvinner sidan 1978, og å fjerne fokuset på stillinga til kvinner no, når utfordringane framleis er betydelege, kan vere eit skritt tilbake i kampen for ekte likestilling. Det er viktig å ha ei lov som aktivt jobbar for å betre situasjonen til kvinner, samstundes som vi også anerkjenner og adresserer utfordringane menn møter.

Kjønnsnøytralitet i lova vil ikkje automatisk føre til likestilling.