Det hjernevaska folket

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka vart først publisert på Dag og Tid. Folk er lettlurde og vert snøgt offer for demagogar, vart det sagt. Difor røystar dei mot sine eigne interesser, dei veit ikkje betre.

«Brexit-kampanjen var basert på usannheter fra første dag, og de velgerne som bet på kroken, er de som har mest å tape på valgresultatet», skreiv Sten Inge Jørgensen i Morgenbladet 1. juli, i ein artikkel der han greidde ut for britane alt det dei ikkje hadde forstått om nasjonal- og verdsøkonomi.

«Om vi skulle styrt gjennom folkeavstemninger, hadde vi fortsatt bodd i huler», skreiv kommentatoren Astrid Meland i VG 9. juni. Folkesetnaden i dei europeiske landa lever og tenkjer på steinaldernivået, berre dei politiske leiarane er moderne. I EU-spørsmålet i Storbritannia til liks med i saka om samanslåing av kommunar i Noreg «har folk stemt på grunnlag av følelser og feilinformasjon», meinte Meland. Det er berre «demagogene og de politisk late» som likar folkerøystingar, for då kan dei av­­gjera utan å måtta ta ansvaret for avgjerda si etterpå.

Les også: «Nigel Farage trekkjer seg og fullfører brannen i Brexit-leiinga»

Den fæle revolusjonen
Det same meinte general­sekretæren i Europarådet, Thorbjørn Jagland, som i ein kronikk i Aftenposten 1. juli såg valresultatet i Storbritannia som eit teikn på at «vi er på vei bort fra opplysningstidens idealer». Som slike ideal rekna Jagland den myndige borgarens frie meiningsdaning og den kritiske ålmenta, men òg at «ingen skulle kunne skape sine egne ‘fakta’, uavhengig av hva som er fakta».

Med denne uheldige formuleringa som skoddelegg at «fakta» må tolkast, og at mykje politisk debatt dreiar seg om slike tolkingar, meinte Jagland at den britiske tabloidpressa hadde ført ikkje berre folket, men òg EU-skeptiske politikarar bak lyset. Han gav ingen døme på lygnene, men melde at han var vorten sjokkert over vankunna om EU-saker i det britiske Underhuset, og at britiske journalistar ikkje hadde vore interesserte i synspunkta hans. Etter Jaglands syn fungerte ikkje pressa lenger som kritisk ålmente. Folk fekk ikkje lenger rett informasjon.

Samstundes som dei er uvitande, er mange òg sinte fordi dei er fattige. Årsaka til fattigdomen ligg i den «økonomiske globaliseringen», og kombinasjonen av kunnskapsløyse og sinne fører til «revolusjoner» som folkerøystinga i Storbritannia.

Her viste Jagland til den franske revolusjonen som døme på kva som ventar oss om vi ikkje får kontroll med dei globale kreftene som fører til ulikskap mellom folk. Slik kontroll kan vi berre få med hjelp av EU-institusjonane, hevda han. Tankegangen var at globaliseringa som øydelegg verda ikkje kan motverkast av nasjonalstaten. Overnasjonale institusjonar og statsdanningar som EU må til.

Det er merkeleg at ein sosial­demokratisk politikar nyttar den franske revolusjonen som styrta kongedømet, vedtok menneskerettane og etablerte folkestyret, som skremmebilete om kva som kan henda med EU. Men dette merkelege strekar under at Jaglands tenkjemåte nettopp ikkje baserte seg på historisk kunnskap, men på ein tillærd og verdsframand logikk som til dømes at sidan kapitalen er globalisert, må politikken òg vera overnasjonal for å rå med skadeverknadene, difor treng vi EU.

Slik tankegang er meir lyrikk enn politikk. Ein kunne like gjerne seia at fordi «global» rimar på «overnasjonal», må vi ha EU. Men det er ikkje lyrikk eller logikk ein må sjå på i politikken, det er praksis og røynd. Og i røynda vert det jamne folket umyndiggjort av EU. Berre politikarklassa kjenner seg styrkt.

Les også: Brexit: – Kan ikkje klage om noko går gale

Framandgjeringa
Umyndiggjeringa av veljarane, som aukar med fråstanden til politikarane, finst òg på det nasjonale planet. Det økonomiske verdssystemet har vorte uoverskodeleg jamvel for spesialistar; dei politiske prosessane er ugjennomsynlege òg for dei som har til yrke å skjøna dei; informasjon og tolking har vorte til ein flaum vi druknar i. Dimed vert vala våre som veljarar innsnevra til einskild­saker vi har sterke kjensler for. Vi vert fort styrde av dei subjektive inntrykka vi får av den eller den politikaren. Personleg appell, såkalla karisma, får endå større vekt enn før i tida.

Men dette er omstende som snarare styrkjer enn svekkjer det demokratiske elementet i folkerøysting i høve til det demokratiske elementet ved vanlege val innanfor det representative demokratiet.

Den moderne verda vert ikkje mindre, men meir uoverskodeleg ved stortingsval enn ved folkerøysting, fordi det vanlege valet gjeld hundrevis av einskildsaker og ei heil rad ulike synspunkt, medan folkerøystinga gjeld berre eitt spørsmål ein skal seia ja eller nei til. Og i begge høve kviler den demokratiske ordninga på den myndige, informerte borgaren. Finst han ikkje meir, er det heller ikkje råd med demokratiet lenger. Trur ein ikkje på direkte demokrati, kan ein heller ikkje tru på indirekte. Ein må då satsa på ekspertstyre.

Les også: Britane skal ut av EU: – No veit ingen kva som skjer

Den demokratiske grunnkjensla
I ein viss mon har det indirekte demokratiet i vår generasjon i røynda òg endra seg til eit slikt ekspertstyre der politikarane ikkje lenger er folkelege representantar, men profesjonelle statsleiarar og byråkratar som vi tilset og løner for å styra oss.

Historikaren Sverre Steen skriv ein stad at det moderne norske demokratiet var tufta på ei sams kjensle hjå nordmennene om at menneskerettane og sjølvråderetten var noko opplagt og sjølvsagt. Dei folkelege rørslene skapte av haugianarane og folkeopplysingsmennene, norskdomsfolka og arbeidarleiarane, med dei mange institusjonane som bedehusa, folkehøgskulane og økonomiske samvirke, og tallause foreiningar med yrkesmessige, kulturelle og ideelle føremål, gjorde den norske folkesetnaden sjølvmedviten, organisert og godt informert og voven saman gjennom nasjonalkjensla.

Då vart det òg råd med eit folkestyre som svara til namnet.

Les også: Britisk ungdom ville vera igjen i EU

Masserørslene
I boka si om nyare norsk historie, Vårt hundreår, skriv Berge Furre at dei norske masserørslene bar dei politiske partia inn i Stortinget, der partifolka samstundes var representantar for folkerørslene, men at dette endra seg i andre halvdelen av førre hundreår. Moderniseringa og globaliseringa, og nye åndsstraumar som individualisme og liberalisme, krympa landbruk og industri, reiv i sund mykje kollektivt medvit og omskapte samfunnet til ein marknad der vi vart like mykje kundar som aktørar, òg politisk. Vi fekk mykje meir personleg fridom og økonomisk velstand, men til prisen av meir fråstand til politikken og dei styrande.

Masserørslene vart svekte; lekmannsrøsla, arbeidarrørsla, norskdomsrørsla og andre motkulturar miste nedslag og rekkevidd. Dimed brast bandet mellom folkesetnaden og politikarane. I staden for å vera talsmennene til rørslene i styre og stell vart politikarane ei eiga yrkesgruppe som satsa på politikk som fag, karriere og tenesteyting. Partia vart nærast til firma som tilbaud tenestene sine på den opne marknaden. Vala vart tilbodsrundar og marknadsføring som slutta med at folk kjøpte dei styringsvarene dei trudde best om, røystene vart pengar. Då valkampane stod fram som salskampanjar, vart demagogien og lygna, forføringa og hjernevasken sjølve den politiske metoden i alle slags val, ikkje berre i folkerøystingar.

Den kritikken som etter brexit vert retta mot folkerøysting­ar, råkar såleis alle val i vår tid, også dei regulære vala i det såkalla representative demokratiet.

Les også: Sterk motstand mot EU i nord

Partia som filter
I dette indirekte demokratiet har dei politiske partia tendensen til å utvikla seg til eit slags filter som sorterer vekk folkelege meiningar som har fått dårleg ord på seg i partimiljøa.

Partia kan då i slike saker stå imot folket og med semja si hindra folkemeininga i å koma til sin rett. Slik har det vore til dømes i saker som lokal plassering av skular og sjukehus og seinare i innvandringssaka. Også i EU-saka var det stort politikarfleirtal for EU i Noreg. Her var kjenslene så sterke at politikarane sette fleirtalet sitt på spel for å få ryggdekking i ei folkerøysting, noko som ikkje vart oppnådd i Noreg korkje i 1972 eller 1994, eller i Storbritannia no i år.

Folkerøystingane set politikar­fleirtalet til side og opphevar parti­makta mot folket. Det direkte valet tek bort det filteret som sorterer ut synspunkt som politikar- og pressemiljøa finn irrasjonelle og uopplyste. For ei kort stund vert partiklubbstyret gjort til inkje og kommentariatet sett ut av kraft. Dei som plar bestemma, vert då arge og vil ikkje vita av at noko slikt skal skje om att, og tek til å vurdera om ikkje den mislukka folkerøystinga – som slett ikkje vart arrangert for å lata folket avgjera, men for å pressa folket til å røysta som politikarane ville – kanskje kan annullerast i ein snarleg omkamp på heimebane.