Framtida
Publisert
Oppdatert 12.01.2018 12:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Han synte seg å vera lik alle andre politikarar.

Det var klaga eg høyrde på ny og på ny i Athen kort tid etter at den venstreorienterte statsministeren Alexis Tsipras hadde godkjend nett den same typen låneavtale han ein gong hadde vore sterkt imot. I røyndomen var det ikkje så mykje det at han var den same som andre politikarar, sidan han møtte dei same avgrensa handlingsrommet som andre greske politikarar hadde hatt: ein sviktande økonomi, uforsonlege kreditorar og frustrerte leiarar frå andre land. Det var dissa ytre avgrensingane som tvinga han til å gå mot retorikken til kampanjen. At athenarane vart overraska og forferda av dette gjenspeglar eit djupare problem med det moderne vestlege demokratiet, eit som forfedrane deira kjende løysinga på.

Moderne statar vert plaga av problemet med «rasjonell ukunne». Sjansen for at stemma til eit individ vil gjera ein skilnad er så forsvinnande liten at det ville vera irrasjonelt for nokon å ha ei seriøs interesse for valkampsakene og kandidatane. Og mange menneske gjer ikkje det – men fell for usamanhengande retorikk. På denne måten har demokratiet sunke saman til å ha lite anna innhald enn å velja politikarar på grunnlag av lovnadene dei gjev, og deretter stå og sjå på at dei ikkje held desse.

Deltaking var ein rett, men òg eit ansvar

Det var ikkje slik i Athen for to og eit halvt tusen år sidan. Då var demokrati – folkestyre – aktiv deltaking i å drive staten, om ikkje kontinuerleg så i alle fall periodisk gjennom livet sitt. Som Aristoteles sa det: «å styre og bli styrt.» Denne deltakinga var ein rett, men òg eit ansvar. Det var ikkje berre å skapa ein betre stat som var meininga, men òg å skapa betre borgarar: engasjement i den politiske prosessen var ei utdanning i dei meir nøkterne samansette røyndomene av avgjerdsprosessen.

Mannlege borgarar skulle ikkje berre tene staten i hæren eller med juryteneste, slik det er i  fleire moderne statar, men òg å delta i den viktigaste avgjerdsforsamlinga personleg. Og medan nokre utøvande stilligar vart valt, vart dei fleste valt med lotteri – inkludert statsministeren, som hadde ein mandatperiode på ein dag. Kvar og ein mannleg statsborgar kunne kome til å representera samfunnet sitt, eller ta imot utanlandske sendebod til staten.

Det er mykje vi kan læra av dette. Moderne statar er sjølvsagt mykje større enn det gamle Athen, og heldigvis har vi breiare val der fleire kan ta del. Tal åleine tyder at vi ikkje alle kunne vera statsminister i ein dag. Men det er høve for at regjeringa kan, på alle nivå – lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt – gjerast radikalt deltakande. Til dømes: Lovgivande organ kan heilt eller delvis bli valt med lotteri. Klare kandidatar til dette er andrekammera i parlament med to kammer, til dømes det britiske House of Lords.

Demokrati treng ikkje å tyde å stemme for politikarar som alle viser seg å vera dei same

Endå betre kan det vere om vi kallar inn separate forsamlingar for å gå gjennom kvart nye lovforslag eller styringsfelt. Dette ville auka talet på dei involvert i lovgjevinga enormt. Dei gamle athenarane klarte nett dette; i dag ville digital teknologi gjera det endå enklare.

I tillegg kan sivile tenester vera meir opne for praksisplassar og kortsiktige tilsetjingar. Å tena staten på denne måten (på eit eller anna nivå) kan til og med vera obligatorisk, akkurat som militærtenesta har vore. Ad hoc-samlingar for enkeltsaker, borgarinitiativprogram og breiare konsultasjon om lovgjeving er alle måtar å inkludera fleire folk i avgjerdsprosessen.

Demokrati treng ikkje å tyde å stemme for politikarar som alle viser seg å vera dei same. Det kan tyde at vanlege folk aktivt deltek i å styra seg sjølv. Som Aristoteles visste, ville dette føre til både klokare avgjerder og klokare borgarar.

Teksten er henta frå Aeon.com og er publisert med CC BY-ND 4.0-lisens. Omsett til nynorsk av Arnt Olav Foseide.

Aeon counter – do not remove

Fakta

Stephen Cave er direktør og seniorforskar ved Leverhulme Centre for the Future of Intelligence ved University of Cambridge. Han er utdanna filosof, men har òg jobba som diplomat og har skrive mykje om filosofi og vitskap for New York Times, The AtlanticGuardian og andre.