Politikk og samfunn

Arbeidarpartimedlem og EU-motstandar: «Vi kan ikkje overlate nei-sida til Sp åleine»

Arbeidarpartiet bør vere tydelegare på at vi ikkje skal knyte oss for tett opp til EUs politikk dersom det går ut over norsk sjølvråderett, skriv Victoria Elisabeth Andal.

Victoria Elisabeth Andal (25)
Vara i Nei til EU sitt nasjonale styre og medlem av Arbeidarpartiet.
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål av redaksjonen.

Ein må nesten beundre Senterpartiet for dei tydelege standpunkta deira i spørsmålet om Noregs tilknyting til EUs energipolitikk. Dei har vore klare på at nok er nok, og når dei no vel å trekkje seg frå regjeringa, viser dei at dei set prinsipp framfor posisjonar.

Som medlem av Arbeidarpartiet og tilhengjar av ei raudgrøn regjering, synest eg det er trist at samarbeidet bryt saman. Samstundes meiner eg at vi i Ap har mykje å lære av Sp i denne saka. Vi må bli tydelegare på nei-sida og lytte til folkets bekymringar om stadig tettare EU-tilknyting.

Har teke ansvar

Regjeringa med Ap og Sp har gjennomført mange viktige tiltak som har komme vanlege folk til gode. Vi har auka barnetrygda, styrkte fastlegeordninga, kutta ferjeprisar og investert i sjukehus og beredskap.

Samstundes har vi satsa på grøn industri, som havvind og karbonfangst, for å sikre arbeidsplassane i framtida. Dette viser at Ap og Sp saman har teke ansvar for folk, klima og tryggleik.

Men vi må også våge å ta debatten om Noregs forhold til EU. Under denne regjeringa har vi sett eit sterkare samarbeid med EU innan energi, forsvar og industripolitikk. Det er viktige område, men vi kan ikkje berre tilpasse oss utan ein grundigare diskusjon om konsekvensane. Arbeidarpartiet bør vere tydelegare på at vi ikkje skal knyte oss for tett opp til EUs politikk dersom det går ut over norsk sjølvråderett.

Tankevekkjar

Eg fryktar at vi i Ap mistar viktige veljarar dersom vi ikkje lyttar til folket i spørsmål som dette. Sp har markert seg sterkt, og det kan komme dei til gode. Det burde vere ein tankevekkjar for oss.

Skal vi vinne tilliten blant veljarane framover, må vi bli tydelegare på at vi set norske interesser først. Vi kan ikkje overlate nei-sida til Sp åleine.