Meir enn 300 nordmenn har no milliongjeld hjå Lånekassen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meir enn 300 nordmenn har no milliongjeld hjå Lånekassen

I fjor føydde 46 studentar seg inn i rekkja av totalt 309 nordmenn med studiegjeld i millionklassa. Studentar i utlandet utgjer dei fleste av desse, og med innføringa av ei ny låneordning er talet venta å stige, skriv Dagens Næringsliv.

I 2017 vart det innført eit tilleggslån på opptil 101.800 kroner for studentar som må betale skulepengar på meir enn 131.386 kroner i året. Ifølgje Lånekassen har om lag 5.200 studentar allereie nytta seg av dette.

Les også: No stig renta hos Lånekassen

Leiaren for interesseorganisasjonen ottast

Ansa-president Ole Kristian Bratset trur denne innføringa vil gi fleire studielån i millionklassa og kallar det ei uansvarleg gjeldspålegging.

– Det er brei politisk semje om at ein ønsker internasjonal kompetanse, og då må politikarane ta ein større del av rekninga, seier Bratset. Han viser til at ein bachelor og master i utlandet kan ende opp med å koste 1,3 millionar kroner.

Les også: Ønskjer du å gjera Lånekassen betre? 

Ministeren trur utanlandsstudentane kjem bra ifrå det

Men kunnskapsminister Iselin Nybø (V) avviser at låneordninga er uansvarleg og meiner det gir fleksibilitet til studentar som vel å reise utanlands.

– Har du budd i eit land i fem år, så har du fått ei rekning, og du veit kva det kostar, seier ho og legg til:

– Dette er folk som får seg svært gode utdanningar og vil få gode jobbar.

Les også: Studentar går kraftig i minus