Svart-kvitt om utdanning


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I forkant av arbeidarane sin dag har det gått føre seg fleire diskusjonar på sosiale medium om høgare utdanning. Utdanningsnivået blant våre folkevalde generelt, og Per Sandberg (FrP) spesielt var utgangspunktet for ein nyleg debatt om kvalifikasjonane for justisministerposten.

Jakob Semb Aasmundsen, kommentator i Tønsberg blad, skreiv i mars eit offentleg innlegg om temaet på Facebook, og i april ein kronikk i eiga avis. Der kritiserte han CV-en til tidlegare fiskeriminister og mellombels justisminister, Per Sandberg. «Stolt over at vi gir våre viktigste jobber til dem som virkelig er kvalifiserte,» skreiv Aasmundsen på eiga side. Sandberg har fagbrev som prosessoperatør.

Innlegget sette sinna i kok hos mange, for diskusjonen i kommentarfelta var ikkje av den koselege sorten. «Pinlig og litt blærete» og «et pinlig naivt kåseri, der klasseforakt og uforstand er de mest sentrale bestanddelene» er blant kommentarane Aasmundsen har motteke for si meining i saka.

Lire av seg med titlar

Debattantane trekkjer raskt likskapsteikn mellom høgare utdanning og høg klasse. Det er sant at høgare utdanning ikkje passar for alle, men alle skal ha høvet for å ta han, uavhengig av sosial bakgrunn.

Aasmundsen får skuldingar om arbeidarforakt. Kommentatorar skriv at Sandberg er «ein av folket», han har «erfaring frå livet.» Det blir også etablert ei haldning om at det eksisterer forakt mot folk utan utdanning. Likevel er kommentarane fulle av nettopp «forakt» mot utdanning: «det finnes mange flotte og kloke mennesker som ikke har sittet på Blindern og fundert på livet» og «kanskje det er på tide å kjenne inn hva som er rett, heller enn å pugge det andre mener er riktig og lire det av seg med titler?» er døme på det.

Effekten av utdanning

Eg vil tru at dei færraste tar høgare utdanning for å skaffe seg ein tittel. Dei aller fleste vel ei utdanningsretning fordi dei har eigenskapar eller motivasjon for å jobbe med yrket som utdanninga kvalifiserer for.

Utdanning handlar heller ikkje om å pugge det andre meiner er rett. Det er ikkje fakta eg sit att med etter fullført mastergrad, men kunnskap om arbeidsmetoder, analytiske verktøy og dessutan ei forståing av korleis forsking og vitskaplege metodar fungerer. Det er nettopp dette som skapar verdien av utdanning, både for enkeltpersonar, for bedriftene og for lokalsamfunnet.

Utdanning har positiv effekt både for det enkelte individ og for samfunnet, mellom anna ved å redusere kriminaliteten, auke folkehelsa, demokratiet og produktiviteten. Utdanning aukar evnen til kritisk tenking, og gjer derfor folket mindre utsette for statleg manipulasjon – ifølge forsking.

Å spegle folket

Denne effekten forsvinn i diskusjonen der utdanning versus ikkje-utdanning blir sette opp mot kvarandre. For poenget er ikkje at ein person med utdanning er betre enn ein annan, eller motsett, men at utdanning i seg sjølv er positivt for folket og demokratiet. Derfor trengst det høgare utdanning blant folk rundt maktapparatet.

I dag har om lag 1/3 av det norske folk høgare utdanning, og ca. 10 prosent har mastergrad. Då er det sjølvsagt at ikkje alle politikarane kan ha høgare utdanning, for dei skal spegle mangfaldet i folket. Det er eit viktig og sentralt poeng. Derfor er det heilt greitt at for eksempel Solveig Horne (Frp), Bent Høie (H) eller Per Sandberg (FrP) har ein bakgrunn som ikkje inkluderer det å ha gått på eit universitet. Dei har alle blitt valt ut av statsministeren til postane dei har hatt.

Vi skal ikkje ha eit ekspertvelde, for ekspertane sit tett rundt politikarane på rekkje og rad allereie. Og det er bra, for vi treng folk som har kunnskap om faget og god samfunnsforståing. Det kan ein sjølvsagt også ha utan å ha vore student. Men på generell basis så har vi jo utdanning for ein grunn. Utdanning har ein verdi i seg sjølv, og det må han også ha.

Polarisert debatt

Derfor synest eg debattane hittil har vore unyanserte og polariserte. Å snakke om klasseforakt blir smalt, all den tid Aasmundsen og media trass alt skal kritisere dei i maktposisjonar. Å stille spørsmål ved kvalifikasjonane til dei som sit rundt Noregs mektigaste bord, synest eg er heilt innafor. Det er korkje mobbing eller forakt, som det blir hevda. Forakt mot uutdanna legitimerer heller ikkje forakt den andre vegen.

Bachelorgradar eller mastergradar produserer ikkje automatisk dyktigare politikarar, men utdanning kan ikkje reduserast til teori, pensumbøker og fine titlar. Når ein person skriv at «jeg foretrekker at folka som bestemmer hva pengene jeg har jobba for skal brukes til, faktisk vet hva det betyr å jobbe», så er det ei reduksjonistisk tilnærming til folk med utdanning. Poenget med utdanning er nettopp å jobbe, og stadig fleire arbeidsplassar krev høgare utdanning.

Når Klassekampen-journalistane Jo Skårderud og Mímir Kristjánsson går hardt ut mot Aasmundsen i denne debatten, lurer eg på om Klassekampen har tilsett journalistar utan utdanning i det siste.

Representere mangfald

Fordi vi er blitt så individorienterte i dagens samfunn, evnar vi ikkje å sjå den totale effekten av utdanning, men får diskusjonen til å handle om kva som er «best» av å vere utdanna eller å ha erfaring frå «gølvet». Den fella går også Aasmundsen i. Kvifor samanlikne?

Alle typar jobbar og studium gir erfaring, og så er det opp til arbeidsgjevar å vurdere kva erfaring dei ønskjer. Som veljar føretrekkjer eg at toppolitikarane har variert erfaring og at dei også representerer mangfaldet i Noreg, det vere seg kjønnsidentitet, hudfarge, seksuell orientering – og utdanningsbakgrunn.

LES SISTE NYTT OM HØGARE UTDANNING HER!