7 av 10 studentar seier dei ikkje kan studere utan deltidsjobb

70 prosent av norske studentar seier dei ikkje kan studere utan å ha ein jobb ved sida av, ifølgje ei fersk undersøking. Det er langt meir enn resten av Europa.

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 11.08.2018 22:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

70 prosent av norske studentar seier dei ikkje kan studere utan å ha ein jobb ved sida av, ifølgje ei fersk undersøking. Det er langt meir enn resten av Europa.

Samtidig viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) at deltidsjobbar går på kostnad av studiane for kvar femte norske student, ifølgje Dagsavisen.

– Lommeboka kan bli meir avgjerande for om ein lukkast og kor gode resultat ein får, enn evner og ambisjonar, seier leiar av Norsk studentorganisasjon (NSO) Håkon Randgaard Mikalsen til avisa.

Les også: Desse tre tinga bør du tenkje på før du leiger rom i kollektiv

Norske studentar meir avhengige av deltidsjobb

Den europeiske undersøkinga «Eurostudent VI 2018» viser at studielån og deltidsjobb er meir vanleg i Norden enn i resten av Europa. Norske studentar er dessutan meir avhengige av deltidsjobb enn studentane i Sverige og Danmark.

– Dette er ikkje ei krisemaksimering, men ei realitetsorientering. Studiestøtta strekker ikkje til. Eiga inntekt og bidrag frå familien er viktigare enn nokon gong før. Berre ein tredel av det studentane treng til livsopphald, kjem frå studiestøtta, seier NSO-leiaren.

Ifølgje studentundersøkinga utgjer familiens bidrag i snitt 14 prosent av dei norske studentane si inntekt, skriv Dagsavisen. Det er mykje mindre enn i mange andre europeiske land.

Les også: Utleigar taper på skadar og slitasje