Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Gutane les ikkje like mykje som før, og det trur eg fører til at dei presterer dårlegare i norskfaget, seier Thea Marie Bjelland.

Klokka er akkurat slagen 14.00 og siste time er endeleg over for tiendeklassingane.
Framtida.no møter Thea Marie og to klassekameratar på Stord Ungdomsskule, ein ny og flott skule i Noregs største nynorskby i nynorskfylket Hordaland.

– I løpet av dei siste åtte åra har norskkarakteren til nynorskgutane vorte dårlegare, både i nynorsk og bokmål. Kva trur de er grunnen til dette?

– Eg trur det kan vera fordi gutar spelar mykje dataspel og det føregår for det meste på engelsk. Men óg at dei slit med å fokusera. Det trur eg kanskje kan vera grunnen til at dei ikkje er like flinke i norsk som før, fortel Tommy Strand.

Jonas Wiersen trur det hadde hjelpt med meir nynorsk utanfor skulen. Foto: Kristine Prestegård Hansen

– Kvifor slit gutane med å fokusera?

– Kanskje dei ikkje forstår eller dei synest det er vanskeleg, svarar han.

Jonas Wiersen trur grunnen er at nynorskelevar ikkje vert eksponert nok for nynorsk utanfor skulen og det fører til at bokmål vert meir brukt.

LES SAKA: Nynorskgutane har blitt dårlegare i norsk

Meir motiverte

Undersøkingar visar at jenter er meir motiverte for lesing enn gutar. Jenter finn glede og underhalding i å lese skjønnlitterære tekstar, medan gutar gjerne liker å lese konkrete tekstar som dei har nytte av. Døme på dette kan vera tekstar som handlar om interesser dei har, som fotball og dataspel.

Lærar ved Stord ungdomsskule, Anita Almås fortel at jenter gjerne nyttar sosiale medium meir enn gutar, medan gutar «gamer» meir enn jentene. På denne måten får jenter meir erfaring i lesing og skriving.

– I skulesamanheng er kanskje jenter meir villige til å gjere det som er forventa av dei, medan gutar er mindre motiverte til oppgåver dei ikkje ser nytteverdien av, seier Almås.

KOMMENTAR: Nynorsk ER mykje tøffare enn bokmål!

Kven er syndaren?

Øystein A. Vangsnes er professor i nordisk språkvitskap ved UiT Noregs arktiske universitet, og professor II ved HVL.

Han meiner det at ungdom skriv dialekt til kvarandre kan vera ein del av grunnen til at nynorskelevar vert dårlegare i norsk.

Tommy Strand trur det er fleire gutar som slit med å fokusera. Foto: Kristine Prestegård Hansen

Skriv meir på dialekt

Ungdomsskulelærar Anita Almås trur ein anna faktor er at det i dei seinare åra har blitt meir vanleg å skrive på dialekt.

– Eg er sjølv av dei som skriv mykje på dialekt når eg skriv SMS, difor må eg ofte tenkje meg om når eg skal skrive på nynorsk eller bokmål, seier ho.

Tiendeklassingene fortel at dei sjølv nyttar veldig mykje ungdomsslang, forkortingar og dialekt når dei skriv til kvarandre, og det kan ofte vera utfordrande å ikkje blande inn dialekt når dei for eksempel skal skriva tekstar. Og elevane er veldig einige med at bruken av dialekt når ein skriv kan vera med å påverka negativt på prestasjonen i norskfaget.

LES OGSÅ: 12 kule ord du berre finn på nynorsk