Kvinner spør lite på forelesingar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ein studie publisert i Science Daily, og omtalt i Universitas, observerte forskarar frå universitetet i Cambridge 250 seminar i ti ulike land. Kjønnsfordelinga var lik på alle seminara.

I tillegg svarte 600 av studentane på ei spørjegransking om eigen aktivitet i undervisninga.

Kvinnene grunngav oftare enn menn at dei ikkje stilte spørsmål fordi dei ikkje følte seg flinke nok, var nervøse, syntest den som snakka var for flink eller var redde for å ha misforstått innhaldet.

Les også: «Du skal vere best i alt, eller i alle fall streve etter å bli det»

Også i Noreg

Lise Rakner, professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen har også forska på fenomenet.

Resultatet frå forskinga hennar var verre enn ho trudde. Det kom fram at berre 13 prosent av interaksjonane som vart observert kom frå dei kvinnelege studentane.

–⁠ Eg vart overraska, ganske skremt og litt flau. Og eg tenkte at mine mannlege kollegaer tar heilt feil når dei seier det ikkje er nokon forskjell, seier Rakner.

Til liks med den internasjonale studien, trur Rakner at kvinner tar ordet mindre grunna lågare sjølvkjensle og ein overutvikla kritisk sans. Men ho trur også at ideen om at ein lærer meir av forelesar enn av spørsmål frå medstudentar er godt innprenta.

–⁠ Derfor er eg opptatt av å lære studentane at det vesle brotet er bra, og at studentar som stiller spørsmål også aukar sin eigen læringseffekt, fortel Rakner.

Les også: Difor trivst studentar i Trondheim

Ulikt inntrykk

Raino Sverre Malnes, professor ved Institutt for samfunnsfagleg vitskap på Universitetet i Oslo fortel at han ikkje kjenner seg att i forskinga til Rakner og dei andre professorane ved UiB.

–⁠ Eg opplever at kvinnene er like aktive som mennene på studiet, seier han.

Malnes har ikkje merka ujamn kjønnsbalanse, verken i auditoriet eller i talet på spørsmål etter timen.

Førstelektor på Høyskolen Kristiania Ole Petter Hjelle har derimot sett tendensane som kjem fram i forskinga.

–⁠ Akkurat det trur eg er heilt riktig, at menn har ein tendens til å ta ordet oftare, seier Hjelle.

Les også: «Det er liksom ikkje kult å vere «Flink Pike»