«Det er liksom ikkje kult å vere «Flink Pike»»

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Ikkje kult å vere «Flink Pike»»

«Åhja du har sann FPS du», fikk eg høyre her ein dag og det fikk meg til å tenke. For det første skjønna eg ikkje kva det var før eg fikk heile diagnosen presentert. 

Flink. Pike. Syndrom. 

Men kva betyr det eigentleg? Er eg sjuk utan å merke det? Trur heller ingen kan sjå det på meg?

Eg opplever det som ganske negativt og føler eg blir satt litt i bås når nokon seier at eg er «Flink pike». «Å stakkar», «du må ikkje slite deg ut», «du treng ikkje alltid gjere alt», «ingen er perfekt». Som med alt anna her i verden så kan det bikke over, det kan bli for mykje og presset kan bli for stort. Eg ser at mange slit i eit samfunn fullt av press frå alle kantar og det er veldig synd. Men foreløpig går det fint for meg å holde på i «flink pike»-stilen. Eg synest berre det er litt drygt at eg får eit «syndrom» av den grunn.

LES OGSÅ: Mindre rus, meir stress 

Eg likar å stå fram som ordentleg, eg kjem tidsnok, eg fullførar det eg byrja på og gjere gjerne det vesle ekstra for å få det «perfekt». Eg har aldri fått F på ein eksamen og er alltid den som les litt ekstra sann i tilfelle. Eg har aldri vore i den tøffe gjengen og når dei på ungdomsskulen hang så spelte eg kort eller hekla. Bekjente kjenner best til glansbildelivet mitt og alt ser ganske rosenrødt ut på sosiale medium. Eg likar å ha det ryddig når vi får besøk og eg legg gjerne sjela mi i å lage noko godt. Eg er tradisjonell av meg, ganske A4 ,og det gjer meg ingenting om eg står fleire timar på kjøkkenet enn sambuaren min.  Eg har også fleire utdanningar og mange ballar i lufta til ein kvar tid. Betyr dette at eg har FPS? For eg følar meg ikkje særleg dårleg?

Det er liksom ikkje kult å vere «Flink Pike». Det er kulare å berre «ta det som det kjem», «ikkje legge noko ekstra i det» og «la det gå sin gang». Det fungerer dårleg for meg. Og når vi overfører dette syndromet til bryllaup så blir eg «Bridezilla», det er i alle fall ikkje positivt. 

LES OGSÅ: Anne Malin Aase: – Rom for begge skriftmåla i blogg verda 

Eg passar godt inn i samfunnsrolla som såkalla «Flink pike», men eg håpar ikkje at det betyr at eg har psykiske problem, er gørr-kjeisam og ikkje tar eigne val.

Eg trur det er det såkalla «syndromet» mitt som gjer at eg aldri gjev opp. Eg kan ha lyst til å gjere det, tru meg, men eg fullfører alltid. Eg trur det er syndromet mitt som skal ha æra for at eg elskar å prøve nye ting og eg trur det er «syndromet» mitt som gjer at eg likar å gjere litt ekstra og har eit brennande ønske om at alle skal ha det best mulig. Eller kanskje det ikkje er eit syndrom, kanskje det berre er ein del av meg. Det betyr vel ikkje at ein er sjuk sjølv om ein likar å ha ting på stell?

Det eg eigentleg meiner er at FPS oppstår ikkje før du «møter veggen» og ikkje er nøgd med deg sjølv og det du gjer. Eg trur at dei fleste «flinke pikene» her i verden kjenner sine grenser og at ein må vere litt varsam før ein «diagnostiserer» andre.

Ha ein fin laurdag flink pike eller ei.

Ikkje sett kvarandre i bås, men heller berre godta at man er ulike.

Det trur eg hadde vore fint.

Anne Malin sin blogg: annemalinaase.blogg.no

Faktaboks

 KULTURBLOGG

Kva er viktig for ungdom i Sogn og Fjordane og kva skal til for at desse tema vert sett på dagsorden?
I prosjektet «Mine meiningar på mitt språk», initiert av Sogn og Fjordane fylkeskommune, bloggar ti engasjerte ungdomar om sjølvvalde tema som dei syns er viktig.
Alle bloggane kan også lesast på sfj.no/kulturblogg