«Du skal vere best i alt, eller i alle fall streve etter å bli det»

Birte Marie Molven Fjellro, Under Dusken
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Teksten er henta med velvilje frå Under Dusken.

Du er kanskje lei av å lese skriveri om «flink pike-syndromet». Du er kanskje lei av å lese om unge vaksne som slit med psykiske lidingar, angst og depresjon. Men du er kanskje også drit lei av det dårlege samvitet som konstant ulmar i kroppen.

Dagens unge generasjon stiller stadig nye diagnosar for å sette ord på sjuklege tendensar i samfunnet. Kanskje har vi vorte sjuke av dårleg samvit for ting vi burde ha gjort, og for personar vi burde ha vore. Sjølve bidrar vi til det samfunnet vi lever i, og ei ansvarsfråskriving ville vore uaktuell.

For å dra ein klisjé: Sosiale media har gjort vår generasjon eksponert for verda på ein heilt ny måte og dette påverkar oss enten vi vil eller ikkje. Med sosiale media som eit bakgrunnsteppe, kan vi då forklare kvifor stadig fleire av oss lir av ein slags prestasjonsangst for livet?

Eit rollespel

Eg er ganske sikker på at eg lir av splitta personlegdom, eller i alle fall snart gjer det. I løpet av ein dag har eg minst fire forskjellige personlegdomar som kvar må komme til sin rett. Først skal eg vere den smartaste studenten, ho irriterande som berre kan alt.

Eg har sjølvsagt satt meg inn i alle partiprogram, også i fransk politikk, og kan gjerne gjere greie for det heile. Seinare skal eg vere ho kule, avslappa, som alltid har stresset på ein armlengds avstand. Etterkvart skal eg bli ein toppidrettsutøvar som i tillegg er kokk med økologisk, kortreist supermat.

I løpet av dagen skal eg sjølvsagt vere supersprudlande, ha snakka med alle familiemedlem, og vener heime. Gruppechattar er besvaramed latter og emojiar. Snapchat er sjølvsagd oppdatert med min spreke, morosame og avslappa dag.

«All the world’s a stage,
And all the men and women merely players;
They have their exits and their entrances;
And one man in his time plays many parts,
His acts being seven ages.»

Eg er usikker på om eg får skrive noko meir oppsummerande enn Shakespeare sjølv. Vi lever på ein scene der alle har sine roller, og vi får vår personlegdom splitta. Den dårlege samvita vert tydeleg når vi ikkje lenger klarar å utspele desse rollane til det fulle, og vi mistar kanskje fotfeste i oss sjølve.

Eller kanskje er det berre meg, og at eg verkeleg er den eine med fleire identitetar.

Samansurium

Mitt inntrykk er at vi unge ofte byggjer det dårlege samvitet på ting vi burde ha gjort eller personar vi burde ha vore. Du skal vere best i alt, eller i alle fall streve etter å bli det. Kvardagslege tankar utviklar seg til å bli nærast tvangstankar; mat, livsstil og sosial omgang vert vidare forankra i status og eigenverdi.

Det dårlege samvitet vert difor styrande for vala vi tek, og kvart val skal gjerne ha ei styrande og fremjande meining. «Du burde slutte å ete kjøtt, og heller kjøpe all mat økologisk; helst kortreist.» For å vere heilt ærleg har eg verken motivasjon eller økonomi til å vere den mest kreative sjela på kjøkkenet. Eg prøver for all del å leve sunt, ettersom eg må halde sjakk på det dårlege samvitet, men likevel klarer eg aldri å møte dei forventningane eg har til meg sjølv.

Det å ete vegetarisk burde jo vere overkommeleg. Vi veit jo at det å kutte ned på kjøttforbruket og resirkulere er bra for kloden, men likevel vert det ein slags motstrid i det heile. For er det eigentleg betre å ete ein avokado frå Chile enn eit kjøttstykke frå ein gard i nærmiljøet?

Sidan vi i hovudtrekk eigentleg ikkje har ein plan for korleis vi skal redde planeten, er det lett å miste retning i heile saka. Kva som er best og verst, er på ein måte ikkje avklart, og korleis ein sjølv skal bli best på lik linje.

Løysinga

Kvar gong eg sett meg ned med denne dårlege samvita, og desperasjonen for å kvitte seg med han veks, vurderer eg diverse sjølvhjelpsmetodar. Eit genuint søk på Google ga svaret: «Lær deg å seie nei til dårlege kjensler». Då seier eg nei til å lese helsesøster Berit sine 12 råd.

For det første orkar eg ikkje ein klisjéorientert tekst som omhandlar velvalte ord om korleis det er å vere ung i dagens samfunn. For det andre treng eg ikkje ei ny liste med oppgåver som eg må gjere for å bli eit fullkome menneske. Dersom eg ikkje klarar å tråkke meg gjennom lista, vert eg jo på nytt mislykka, og det taklar eg ikkje på ein dårleg dag.

Likevel har eg nokre tips for korleis du kan gøyme deg frå det dårlege samvitet. Dette er ting dei fleste kan gjere, og dersom du ikkje skulle klare det, handlar ingen av aktivitetane om ein åndeleg rekreasjon, så du går ikkje glipp av noko uansett.

1. Nummer ein vil vere å sove. Uansett kvar du er eller kva du held på med: sov! Då slepp du å tenkje og du får i alle fall ein pause frå det heile. Eg anbefaler sterkt stillerommet på Dragvoll, her er det sofa og religiøse bøker dersom du vil finne deg ein gud i same slengen. Ryktet seier at det å ha ein gud kan hjelpe mot stress, men i kristendommen er alle født syndarar, så kanskje ikkje gå for denne religionen då du må leve med dårleg samvit heile livet.

2. Bur du med andre menneske enn berre deg sjølv foreslår eg lydtette øyreproppar. Det å bu saman med andre kan bli ganske slitsamt i blant, men med eit par øyreproppar vert livet enklare. Dersom maset blir for mykje kan du berre plugge inn ein propp eller to, så forsvinn i alle fall eitt sanseinntrykk. Her er det likevel viktig å huske på at du enda må framtre som eit hyggeleg menneske for å bevare husfreden. Når dei fortel om diverse hendingar er det berre å nikke og smile når det verkar naturleg. Etterpå kan du føle deg litt lur sidan du på ein måte lurte systemet.

3. Siste punkt er å ikkje under nokon omstende nokon gong lese pensum! Dersom du skulle finne på å lese pensum vil du berre bli stressa over alt du ikkje kan og alt du må lese. Det er mykje betre å drite i heile pensumslitteraturen. På denne måten får du kvar veke ei ny overrasking, det er berre å glede seg til å sjå kor oppfinnsam forelesaren no har vore. Det er viktig å halde dei dårlege kjenslene til eksamensperioden, for den er keisam uansett. Slik kan du ta joleferie med godt samvit; du har jo gjort eit semesters årsverk på berre nokre dagar. Om eksamentida vert for galen kan du alltids støtte deg på Shakespeare.

Les meir på dusken.no!