mm

Dei som speler veit det allereie, men no har norske forskarar stadfesta at online dataspel er bra for engelskferdigheitene. Det melder NRK.

Fem prosent betre i engelsk enn morsmål
Forskinga tek for seg leseferdigheit og tekstforståing hjå 10.000 vg1-elevar frå heile Noreg.

460 av desse elevane – nesten fem prosent – skårar svært dårleg i norsk, samstundes som dei gjer det svært bra på den engelske testen.

Det er Lisbeth M. Brevik ved Institutt for Lærarutdanning og Skoleforsking, UiO, som står bak undersøkinga.

Brevik, som er førsteamanuensis  i engelskdidaktikk, tykte funna var oppsiktsvekkande sidan det dreier seg om elevar med norsk morsmål.

LES MEIR: Gaming formar språket

Chattar på nett
I intervju fortalde elevane som gjorde det betre i engelsk enn norsk at dei brukte meir enn tre timar dagleg på online dataspel.

– Dei både snakkar og skriv engelsk via chatfunksjonen og les engelske instruksjonar. I tillegg ser dei mykje på engelskspråklege TV-seriar og filmar, lyttar til engelskspråkleg musikk og les nyheiter på engelsk dagleg, forklarar Brevik til NRK.

Svenske forskarar har tidlegare sett på korleis dataspel betrar det engelske ordforrådet til ungdom. Dei fann ut at rollespel som «World of Warcraft» og Grand Theft Auto» ga best språklæring.

LES MEIR: Bør norsken kuttast frå dataspel?

Forskaren vil ha spel inn i skulen
Brevik peikar på at desse elevane i stor grad har valt seg engelsk som sitt fritids- og kvardagsspråk, men at dette ikkje resulterer i mykje aktivitet i engelsktimen.

Difor meiner Brevik at forskinga bør få konsekvensar for undervisninga.

– Me bør i større grad bruka elevane sine fritidsinteresser inn i undervisninga, som til dømes spel, slik at dei blir meir motivert for å læra, meiner forskaren.

Ved Nordahl Grieg videregående skole i Bergen starta dei allereie i 2013 forsøk med dataspel i undervisninga.

Bergenselevane lærer etikk ved hjelp av zombie-spel.

LES OGSÅ: – Dataspel kan kutta skulen med to år

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE