Nynorskbrukarane: Kven er dei, kva treng dei?

Per Magnus Finnanger Sandsmark, direktør i Nynorsk kultursentrum
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Teksta er eit innlegg halde under språkkonferansen «Treng vi norsk? Ein konferanse om framtida til norsk språk» i Førde 1. november.

I ein skulepolitisk roman frå 1960-talet blir ein skule lagd ned, og ungane frå ei lita grend må ta skuletoget til ein grå sjellaus stasjonsby.

«[…] så er det her att, toget. Med lange ul skjer det seg gjennom morgondimma. Små barnehovud stikk ut glasa, dreg seg like fort attende.
– Dyr last!
Skulestyraren hadde mint om dette. Togføraren nikka.
– Eg har alltid dyr last.
Ein eller hundre, unge eller gamle, for han er ansvaret det same. – Dyr last, han har visst det lenge.»

Den norske språkpolitikken må følgje moralen til togføraren. Eit språk er dyr last. Sjølv om det trygge fleirtalet i den vesle grenda blir til eit utrygt mindretal ein ny stad er lasta dyrebar.

Gudbrand er 18 år. Han har fullført vidaregåande skule og går i lære som bilopprettar. Det er først no han blir nynorskbrukar på eiga hand. Timane på skulebenken med bøker på nynorsk, gitt ut til same tid og til same pris som bokmålsbøkene, er over. Den tida er erstatta med samtalar på dialekt, manualar på engelsk og skjema på bokmål på jobb. Det er no det blir verkeleg vanskeleg å halde på skriftspråket sitt.

Det er no det blir verkeleg vanskeleg å halde på skriftspråket sitt

Denne guten er ein heilt verkeleg, og ein heilt vanleg person. Som unge nynorskbrukarar flest er han frå eit område der det er vanleg å ha nynorsk på skulen. Som unge nynorskbrukarar flest har han likevel møtt minst like mykje bokmål som nynorsk i butikkar, filmar, bøker og på internett. Han møter òg dialekten sin i skrift i meldingar frå både vener, slekt og frå oppslag i sosiale medium frå foreiningar og bedrifter.

Som unge nynorskbrukarar flest har han gått på et yrkesførebuande utdanningsprogram i den vidaregåande skulen. Dei fleste nynorskbrukarane byrjar på eit slikt utdanningsprogram, og dei byter sjeldnare til bokmål enn dei som planlegg å studere. Dess høgare utdanning dess lågare sjanse er det for at du er nynorskbrukar. Eller sagt litt tristare: Dei fleste nynorskbrukarane er i dei yrka som skriv minst.

For at Gudbrand skal vere ein trygg språkbrukar, treng han å sjå språket sitt i bruk på dei områda han er interessert i. Han treng tekstar om veteranbilar, skjema for omregistrering av køyretøy, songar han kan danse og rølpe til på fest, rettleiingar i bruk av verktøy og artige humortekstar som blir delte i sosiale medium. Berre skjemaet er eit resultat av språkpolitikken som skal sikre rettane til mindretalet i dette språkdelte landet.

Dei fleste nynorskbrukarane er i dei yrka som skriv minst

Dei tekstane som når flest, også dei som les minst, er heilt utanfor den norske språkpolitikken. For mange av språkbrukarane, og det gjeld altså særleg nynorskbrukarar, sluttar dei språkpolitiske verkemidla å treffe dei idet dei forlèt skulebenken. For desse nynorskbrukarane er det skilta på vegen, sms-ane om sjølvmeldinga og brevet frå kommunen som er deira møte med norsk språkpolitikk etter at skulegangen er avslutta. Dei les ikkje bøkene som er kjøpte inn med innkjøpsordninga, eller støtta av eit vederlagsfond.

Det er den språklege sjølvtilliten til desse språkbrukarane staten Noreg sviktar når han skiltar riksvegane gjennom nynorskkommunar på bokmål. Det er denne sjølvtilliten ein styrker om desse brukarane får sjå innhald dei interesserer seg for, på sitt eige språk.

Skilt til idrettshallen og publikumsinngangen til kultursalen saman med innramma plakat med jamstillingsvedtaket frå Vinjehuset, Åmot, Vinje kommune. Foto: Per Magnus Finnanger Sandsmark / Nynorsk kultursentrum.

Les også: Målstrev i ei bygd i Trøndelag

Jamstilling 133 år etter jamstillingsvedtaket

Då Stortinget ein maidag for 133 år sidan jamstilte dei to norske skriftspråka, var det som språk i skule og offentleg sektor. Det skjedde i 1885, i ein langt meir avgrensa stat enn den vi har i dag. Den norske språkpolitikken må famne vidare for å sikre rettferd og jamstilling for språkbrukarane, også i skulen og det offentlege.

Mediepolitikken tek i for liten grad innover seg ansvaret for å ta vare på, og utvikle, dei to norske skriftspråka. Utanom krava til NRK, nokre få støtteordningar og statsstøtta til praktikantordninga ved Nynorsk avissenter og Nynorsk mediesenter speglar ikkje mediepolitikken det fleirspråklege landet.

Lokalavisene, som er dei største produsentane av nynorsk tekst offentleg, får i liten grad særskild pressestøtte, og dei språkdelte avisene har ingen incentiv til å prioritere og halde oppe nynorskdelen i avisa si. Det er ikkje teke særskilt omsyn til at over 500 000 nynorskbrukarar skal sjå sitt eige språk i bruk der dei bur.

Eit språk er dyr last

Noreg driv heller ikkje ein medviten politikk om teksting av kinofilmar og innhald i strøymetenester.  Marknaden treng hjelp for å ta omsyn til mindretalet. I ei meir mangfaldig medierøynd må politikken for å sikre at nynorskbrukarane ser sitt eige språk i bruk, gjelde andre leverandørar enn NRK. Med krav om bruk av begge dei norske skriftspråka i den nye TV2-avtalen kan tilbodet bli betre, men det held ikkje aleine.

Det offentlege nyttar i for liten grad marknadsmakta si til å sørgje for at digitale tenester er tilgjengelege på nynorsk. Det er ei styrke at Microsoft-program og Facebook er tilgjengelege på nynorsk, men fleire aktørar treng hjelp til å forstå at Noreg er eit tospråkleg land. Å gjere språkbanken ope tilgjengeleg, og med nok materiale på nynorsk, er eit viktig førstesteg for at nynorsk blir eit språk i digitale omsetjarprogram, og i taleattkjenning.

Handskriven grøn plakat utanfor Circle K i Volda med teksten «Ja til synleg kjærleik» under Bygdepride-paraden i Volda 11. mai 2018. Foto: Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Les også: Strøymetenestene gløymer nynorsk

Ja til synleg kjærleik

Eg leier Nynorsk kultursentrum, som driv Aasen-tunet med formidling av nynorsk skriftkultur og språkmangfald, Hauge-senteret med lyrikk i mange former og på tvers av språkgrenser, Vinje-senteret med journalistikk og dikting på bokmål og nynorsk, nettleksikonet Allkunne.no, barnenettsida Tunkatten.no og åtte andre nettstader.

Våre tilbod skal gjere nynorsk sjølvsagt, når som helst og kor som helst. Gjennom kunnskap og opplevingar skal vi gjere det enklare og kjekkare å vere nynorskbrukar. Vi er ein moderne museumsinstitusjon som har som mål å verke inn på samtida, like mykje som å skildre fortida.

Nynorsk kultursentrum er ein nasjonal institusjon, lokalisert i Ørsta, Vinje, Ulvik og på internett: der nynorskbrukarane er, og nynorskbrukarane er i heile landet. For det er nemleg slik at nynorskbrukarar flest berre har ein ting til felles: Dei skriv nynorsk. For å få nokre fakta på plass:

  • Det er 10 000 fleire nynorskelevar i grunnskulen enn det er Oslo-elevar.
  • Det er nynorske skattebetalarar i absolutt alle norske kommunane.
  • Nynorskpolitikk er med andre ord nasjonalpolitikk, ikkje lokalpolitikk.

Les også: Nynorsken får eit endå mindre kakestykke i kulturbudsjettet

Songen som bind oss i hop

Syng i stille morgonstunder,
syng Gud Fader lov og ros!
Sjå han gjer på ny det under:
kallar fram or mørkret ljos!
Sjå hans sol all skapning gyller,
alt med liv og lovsong fyller,
sjå hans kjærleiks smil i sky,
sjå kvar dag hans nåde ny!

I bedehuset og på skulen på Søreide i Bergen, var denne songen morgonsalmen. «Elias Blix er ein poet som har blitt sungen meir enn han har blitt lesen. Til liks med dei hine store nynorske diktarane Ivar Aasen, Aasmund O. Vinje, Arne Garborg og Per Sivle nådde også Blix det norske folket gjennom songlyrikken.»

I Rakkestad i Østfold, 26 mil frå næraste nynorskkommune står den norskdanske songen «Ja, vi elsker» aleine i lag med «No livnar det i lundar», «Gud signe vårt dyre fedreland» og «Fagert er landet» i det årlege 17. mai-programmet. Mange songar på nynorsk har gått inn i den nasjonale songkanonen, men dei nynorske songane oppstod ikkje i vakuum i hovuda til geni.

Dei nynorske songane oppstod ikkje i vakuum i hovuda til geni

Salmediktinga blei framskunda av statsstøtta til Det Norske Samlaget. Ungdomslaga skapte miljø for synging, skriving og speling av teater. Som så ofte før var det eit samspel mellom enkeltpersonar, organisert lagsliv og det offentlege som førte til etableringa av ein nynorsk songtradisjon. Denne har levd vidare, og inn i visebølgjer og samtida. Samstundes kan vi ikkje ta han for gitt.

 Vi kan takke heimegut-haldninga til hipphopparar i heile verda for at morsmåls- og dialekttekstar har teke meir plass i populærkulturen på 2000-talet etter eit 1990-tal der kjensler, pop og rytme oftare blei uttrykte på engelsk enn norsk av nordmenn i radio og i platesala.

Ein norskspråkleg populærkultur som tek innover seg det språklege mangfaldet i Noreg, krev ein medviten kulturpolitikk der språk er eit kriterium, også for song.

Les også: Det er jo ikkje til å koma forbi at nynorsk ER mykje tøffare enn bokmål

Nytt mangfald

I 1937 fekk bygda Søreide i Fana i Bergen eige bedehus. Krinsen hadde ønskt seg kyrkje lenge. Etter 80 år var tida for bedehuset over. Mange av dei som hadde stått i stige og måla huset hadde bytt hofte eller gått bort. Festane, som før trekte til seg hundrevis, trekte no til seg ein ti–tolv stykke. Bedehuset skulle seljast.

«Sjå, eg kjem snart» stod det på veggen frå huset blei opna i 1937 til siste dagen med misjonslaga i Søreide som eigarar. Det står det framleis. No er det den russisk-ortodokse kyrkjelyden i byen som nyttar bedehuset. Nye motkulturar, nye bondestudentar har teke plass.

Det er ein styrke for Noreg at vi historisk er eit fleirspråkleg land

Dei fleste som kjem til Noreg, kjem frå eit fleirspråkleg land til eit fleirspråkleg land. Det er ein styrke for dei at dei kan fleire språk, og det er ein styrke for Noreg at vi historisk er eit fleirspråkleg land. Vi må la dei som kjem til Noreg, ta del i det fleirspråklege landet. Det er liten grunn til eit generelt fritak for sidemålsopplæring for alle med annan språkleg bakgrunn enn nordisk.

Noreg har alltid vore eit fleirspråkleg land. Utgangspunktet for Bokåret 2019 er eit døme på det: Ein prest fødd i Danmark i ein tyskspråkleg familie tingar to tekstar på latin for 499 år sidan, og der startar norsk bokhistorie. Neste år er det òg 150 år sidan Elias Blix fekk publisert dei første salmane på nynorsk, og sprengde rom for norsk folkespråk i Guds hus.

Gatekunst med sjablongar på Dale i Vaksdal. Teksten «Nokon er glad i deg. Ver varsam i trafikken.» er måla på betonggjerdet, og illustrert med ei jente med bamse i handa. Foto: Per Magnus Finnanger Sandsmark 2018.

Den norske språkpolitikken må ta innover seg det språklege mangfaldet som gjer oss til eit heilt vanleg land i verda, og eit heilt unikt land med dei tankane, ideane og forteljingane språka nynorsk, bokmål, norsk teiknspråk, dei samiske språka, kvensk,  romani og romanes ber med seg.

«– Dyr last!
Skulestyraren hadde mint om dette. Togføraren nikka.
– Eg har alltid dyr last.
Ein eller hundre, unge eller gamle, for han er ansvaret det same. – Dyr last, han har visst det lenge».

Eg vil ein språkpolitikk som seier til brukarane: Nokon er glad i deg. Men på same måte som samferdslepolitikken handlar om infrastruktur og tryggleik, må også språkpolitikken gjere det.

I framlegget til statsbudsjettet for 2019 er det vist vilje til å prioritere språkpolitikken, med ei heilt nødvendig satsing på digitalisering, oppdatering og tilrettelegging for auka bruk av språkbanken og ordbøkene. Samstundes får denne grunnleggjande infrastrukturen berre smular ved kongens bord samanlikna med annan infrastruktur.

Tankane, forteljingane, ideane til både bilopprettar Gudbrand, og salmediktar Elias finst i mangfaldet i språket. Dei må òg finnast i språkpolitikken. Ein eller hundre, unge eller gamle, for han er ansvaret det same.
– Dyr last, han har visst det lenge.

Les også: Tore Renberg: – Gå heim og gje nynorsken ein sjanse