Regjeringa satsar på lærarutdanning
Regjeringa set av 10 millionar kroner til tiltak som kan få fleire studentar til å søke seg til lærarutdanningane for barneskulen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Elleve høgskular og universitet får til saman 8 millionar kroner, og 2 millionar kroner går til nasjonale tiltak.
– Regjeringa gir åtte millionar kroner til lærarutdanningane i regionar med størst behov for fleire lærarar, slik at dei kan jobbe aktivt med å rekruttere fleire til dette viktige yrket. I tillegg skal vi gjere ein nasjonal innsats, og vi skal finne ut korleis vi skal få fleire menn til å søke grunnskulelærarutdanning for første til sjuande trinn. Det set vi av to millionar kroner til, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).
Les også: Gje lærarstudentane nynorskkompetanse
Auke i søkartal
Både på grunnskulelærarutdanninga for 1.–7. trinn og på grunnskulelærarutdanninga for 5.–10. trinn har talet på studentar auka med rundt 15 prosent frå i fjor.
– I fjor gav regjeringa også middel til rekruttering, og det verka. Det viste seg at lærarutdannarane og samarbeidspartnarane deira fekk mykje ut av pengane, derfor løyver vi middel til dette i år også. Vi forventar, i år som i fjor, at høgskulane og universiteta samarbeider med kommunane i arbeidet med å rekruttere, seier Nybø.
Les også: Lærarutdanninga kaprar éin av ti søkjarar
Mindre studielån
Regjeringa har også innført nedskriving av studielånet for studentar som tar grunnskulelærar- eller lektorutdanning.
– Dei som vel grunnskulelærarutdanninga 1-7, fullfører på normert tid og jobbar i Nord-Noreg i minst tre av dei første seks åra etter studiet, får størst del sletta. Dei som får full pott, kan få nedskrive over 160.000 kroner av studielånet sitt, seier statsråden.
Les også: I dette faget manglar éin av tre lærarar formell kompetanse