Dersom ein skal ivareta elevane si rett til å få opplæring på eige hovudmål, må lærarane vere rusta til å undervise på båe skriftspråka.
Landsstyret i Pedagogstudentane
Landsstyret i Pedagogstudentane

Resolusjon vedteken av landsstyret i Pedagogstudentane. Først publisert i Utdanningsnytt.

I Noreg har vi to sidestilte skriftspråk, nynorsk og bokmål. Om lag 12 % av alle elevar i grunnskulen har nynorsk som sitt opplæringsmål, og har dermed krav på å få undervising på nynorsk.

Den viktigaste føresetnaden for at dei får det, er at læraren deira meistrar språket. Vi veit diverre at dette ofte sviktar. I ein Proba-rapport frå 2014 rapporterer elevar med nynorsk som hovudmål i vidaregåande skule, at lærarane deira har svært låg nynorskkompetanse, og at dei sjeldan møter hovudmålet sitt i andre fag enn norsk.

Sjølv om det er forventa at ein etter vidaregåande opplæring meistrar båe skriftspråka, veit vi at dette ikkje er tilfelle. I ei undersøking gjort av Språkrådet og TNS Gallup, seier berre 24 prosent av bokmålsbrukarane at dei har god kompetanse i nynorsk. I motsetnad rapporterer dei fleste nynorskbrukarane om god bokmålskompetanse. Dette viser at det er viktig at lærarutdanningsinstitusjonane sikrar at framtidige lærarar får god opplæring på båe skriftspråk, med spesiell vekt på nynorsk.

I forskrift for rammeplan for grunnskulelærarutdanninga for 1.-7. og 5.-10. trinn står det at kandidaten etter endt utdanning «mestrer norsk muntlig, norsk skriftlig, både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på en kvalifisert måte i profesjonssammenheng». Den same formuleringa finn ein òg i forskrift om rammeplan for barnehagelærerutdanning. Fleire rapportar, mellom anna frå Proba (2015) og Ressursgruppa for nynorsk som hovudmål (2013), peiker på at institusjonane ikkje sikrar at studentane oppnår denne kompetansen. Ein finn ikkje tilsvarande krav i forskrift om rammeplan for lektorutdanning 8.-13. trinn, men Pedagogstudentene meiner det er viktig at nynorskopplæringa vert ivareteken for studentane som skal verte lærarar på desse trinna òg. For at norske elevar skal få god opplæring i både hovudmålet og sidemålet sitt, må ein sikre kompetente lærarar på alle trinn.

Det er ikkje berre dei som skal verte norsklærarar som må ha kompetanse i både bokmål og nynorsk. Elevar med nynorsk som opplæringsmål må få møte hovudmålet sitt i alle fag. Det er difor viktig å sikre god nynorskopplæring for alle lærarstudentar, uavhengig av kva slags klassetrinn og fag dei tek sikte på å undervise i. Elevar med nynorsk som hovudmål finn ein dessutan over heile landet, slik at god nynorskopplæring er viktig òg for dei lærarstudentane som ser for seg å arbeide i eit typisk bokmålsområde. Det er opp til institusjonane kva slags arbeids- og vurderingsformer dei ønskjer å nytte, men Proba (2015) peiker på at det er viktig at studentane får god opplæring og tid til å arbeide med eigen skriftleg kompetanse på nynorsk.

Dersom ein skal ivareta elevane si rett til å få opplæring på eige hovudmål, må lærarane vere rusta til å undervise på båe skriftspråka!

Pedagogstudentene krev at:

  • utdanningsinstitusjonane sikrar at studentane får tilstrekkeleg opplæring i båe skriftspråka
  • utdanningsinstitusjonane sørger for vurderingsformer som sikrar studentane sin skriftlege kompetanse i båe skriftspråka
Oppdatert: fredag 8. desember 2017 14.16

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE