Fleire skular på venteliste for å delta i nynorsk leseaksjon

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tid for ti når stadig nye høgder. Opplaget har auka jamt og trutt sidan starten i 2015, seier prosjektleiar for aksjonen i Foreningen !les, Ole Ivar Burås Storø, i ei pressemeding.

– Vi starta med 15 000, var i fjor innom 20 000, og no er vi oppe i 25 000. Det er påmelde skular frå heile Noreg!

Les også: Rekordopplag for nynorsk leseaksjon: – Heilt vilt

Skular står i kø

Tid for ti er ein gratis og nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn. Skulane som melder seg på får tilsendt ein antologi som består av tekstutdrag frå ti gode bøker på nynorsk.

Aksjonen er allereie fullteikna.

– Fleire skular står på venteliste, og vi skulle gjerne også gitt tilbodet til bibliotek. Men tekstutdrag, lydfiler, konkurransar og lærarrettleiing vil også vere tilgjengeleg på nettsida, påpeikar Burås Storø.

Dei ti bøkene som får plass hjå Tid for ti i 2019 er:

Kor mykje kan du eigentleg om den norske slavehandelen? Test kunnskapen din her!