AUF: Fri abort til veke 18 einstemmig vedtatt

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 29.10.2018 12:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Prosessen med å søkje abortnemnder som kvinner i denne situasjonen må gjennom i dag er både nedverdigande og påfører skuld og skam. Det er på tide å gjere desse endringane, seier avtroppande leiar i AUF, Mani Hussaini, i ei pressemelding.

På landsmøtet i helga gjekk AUF inn for å utvide grensa for sjølvbestemt abort frå veke 12 til veke 18.

Dei vil fjerna dagens ordning der kvinner må søkja ei abortnemnd beståande av to legar om å få lov å ta abort mellom veke 12 og 18.

Les også: Spørjeundersøking: 55 prosent vil behalde grensa for sjølvbestemt abort 

FpU og Unge Venstre vil utvida

FpU gjekk inn for å utvide grensa for fri abort fram til veke 18 på sitt landsmøte i august, ifølgje ABC Nyheter.

I dag vert bortimot alle nemndbehandla abortar innvigla. I 2017 vart berre to av 362 svangerskapsavbrot før veke 18 vart avslått av ei abortnemnd. Det viser tal frå Folkehelseinstituttet.

Hussaini støttar seg til desse tala når han slår fast at abort mellom veke 12 og 18 er både medisinsk og etisk forsvarleg.

Sosialistisk Ungdom vil òg utvide grensa til 18 veker. Raud Ungdom vil utvida grensa for fri abort til veke 22 og neste helg skal Unge Venstre vedta om dei vil følgje leiar Sondre Hansmark sitt forslag om å gå inn for fri abort fram til veke 24.

Hansmark sitt forslag har fått kritikk frå fleire hald, òg av partifellar i Unge Venstre.

Les også: Tapte kampen om ny abortlov i Argentina

Høgre frir til KrF

Då Unge Høgre var samla til landsmøte i sommar var abort eit av stridstema som enda med at partiet vil behalda dagens lovverk.

Abortlova står høgt på dagsordenen om dagen. Både Unge Høgre, Siv Jensen og Trine Skei Grande har reagert på at statsminister Erna Solberg har sagt seg villig til å forhandla om KrFs krav om å nekte tvillingabort, samt abort etter veke 12 for foster med alvorlege sjukdommar eller kromosomfeil.

Les også: Seks ting du treng å vite om abort

KrFU gjekk tilbake på støtta til abortlova

KrFU sitt landsmøte i september gjekk på si side tilbake på si støtte til abortlova. Leiar i Rogaland KrFU uttala då til Framtida.no at han trudde debatten har bidratt til å vippa KrFU tilbake til moderpartiet sitt standpunkt.

– Debatten har vist at den grensa som ligg i dag er kunstig. Det er ikkje noko magisk som skjer i veke 12. Me meiner at når det er snakk om menneskeverd så endrar ikkje dette seg etter veke 12, sa Sayed den gongen.

Abort i Noreg

  • Dagens Lov om svangerskapsavbrot (abortlova) trådde i kraft 1. desember 1978.
  • I Noreg var abort forbode fram til 1964. Kvinner som tok ulovleg abort risikerte då inntil tre års fengsel.
  • Abortlova sikrar fri abort fram til veke 12
  • Etter veke 12 må saka opp i ei abortnemnd beståande av to legar. Gyldige grunnar er til dømes vanskeleg livssituasjon, fare for kvinna si helse, sjukdom hjå fosteret eller om graviditeten er eit resultat av valdtekt eller incest.
  • I praksis vert dei fleste sakene godteke i nemndene, noko som gjer at fleire ungdomsparti føreslår å innføra fri abort fram til veke 18.
  • I 2014 blussa abortdebatten opp då Solberg-regjeringa foreslo reservasjonsretten
  • I 2016 foreslo KrF ei obligatorisk refleksjonstid før abort
  • I 2017 vart det gjennomført 12.733 abortar i Noreg. Det er 435 færre enn i 2016.