Fleirtalet vil ikkje endre abortlova

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vårt Land har via Norstat stilt spørsmålet om korleis nordmenn steller seg til forslaga om nye abortgrenser.

– Nordmenn flest har eit konservativt syn på ein del verdispørsmål, men i denne saka har eg tru på ei endring, seier leiar Sondre Hansmark i Unge Venstre.

Les også: KrFU stemte mot sjølvbestemt abort 

Fleire parti for liberalisering

I haust er abortlova 40 år gammal, og abortgrensa på tolv veker er under press. I august sa AUF-leiar Mani Hussaini at AUF vil gå for liberalisering på landsmøtet i oktober. Unge Venstre har sidan uttrykket at dei ønsker ei dobling av abortgrensa, frå 12 til 24 veker. FpU har på si side sagt at dei ønsker ei utviding til 18 veker.

Regjeringspartiet Høgre vedtok under sitt sentralstyremøte i september at det var uaktuelt å endre abortlova.

– Abortlova treffer godt og det viser denne målinga, seier stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen (H).

Les også: Seks ting du treng å vite om abort

Bør grensa for fri abort forlengast?

Bør grensa for fri abort forlengast?

Ja62
Nei61
Veit ikkje25
Abort bør ikkje vere lov13
Svar totalt: 161