Elevorganisasjonen rosar kutt i læreplanane

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag ettermiddag kom dei nye framlegga til læreplanar for norsk skule frå Læreplangruppa til Utdanningsdirektoratet.

I norskfaget på VG2 og VG3 for studiespesialiserande elevar, er talet på kompetansemål redusert frå 37 til 16. Og i samfunnsfag på 10. trinn er talet på kompetansemål halvert frå dagens 38 til 19 i forslaget frå Læreplangruppa.

– Det er kjempeviktig at resultatet av fagfornyinga blir slankare læreplanar, slik at det blir tid til å gå i djupna, seier Agathe Waage, leiar i Elevorganisasjonen.

Ho meiner dagens skule liknar for mykje på ein puggeskule der ein må kunne litt om veldig mykje.

– Elevorganisasjonen ønskjer seg færre og breiare kompetansemål slik at me kan få tid til å gå i djupna og læra å læra. Det er det me treng i framtida – ikkje pugging, slår ho fast.

Elevorganisasjonen skal no behandla forslaga til læreplanar i organisasjonen før dei uttalar seg meir om innhaldet i utkastet til nye læreplanar.

LES OGSÅ: Kuttar sterkt i talet på kompetansemål i norsk