Læreplangruppa til Utdanningsdirektoratet la torsdag ettermiddag fram det første utkastet til nye læreplanar som skal bli gjeldande frå hausten 2020.
Her er nokre av dei viktigaste forslaga:
VIDAREGÅANDE:
– Talet på kompetansemål på VG2 og VG3 studiespesialisering blir redusert frå 37 til 16.
– Fordjupingsoppgåva på VG3 forsvinn. I staden skal det vera meir fordjuping gjennom heile faget.
– Kuttar ut eigen karakter i sidemål og hovudmål i undervegsvurderinga på VG1 og VG2, og erstattar denne med éin felles skriftleg karakter.
– Elevane skal kunna skriva fagartiklar og essay.
UNGDOMSSKULEN:
– Talet på kompetansemål blir redusert frå 27 til 13.
– Kuttar ut eigen karakter i sidemål og hovudmål i undervegsvurderinga på 8. og 9. trinn, og erstattar denne med éin felles skriftleg karakter.
MELLOMTRINNET:
– Talet på kompetansemål blir redusert frå 19 til 17.
ELLES:
– Teksttypane argumenterande, reflekterande og kreative tekstar blir ikkje nemnt i læreplanen.
– Elevane skal bruka metaspråk om setningsoppbygning og ulike setningstypar.
– Kreative tekstar blir tona ned, i staden blir det meir akademisk skriving.
Sjå det nye framlegget her! og samanlikn med dagens læreplan her!
Høyringsfristen er 14. november.