Statsbudsjettet: Vil styrke kommunen sin innsats for barn si psykiske helse

Statsbudsjettet: Regjeringa aukar støtta til Program for folkehelsearbeid, og vil bidra til å betre unge si psykiske helse.

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa set av 82 millionar kroner av statsbudsjettet til Program for folkehelsearbeid i kommunane. Det er ei styrking på 10 millionar kroner i 2019. Samtidig melder dei at psykisk helse skal vere ein likeverdig del av folkehelsearbeidet.

Program for folkehelsearbeid skal fremme lokalt rusforebyggande arbeid og bidra til å integrere psykisk helse som ein likeverdig del av det lokale folkehelsearbeidet, skriv regjeringen.no.

Barn og unge er prioriterte målgrupper. Satsinga skal styrke kommunen si moglegheit til å utvikle og prøve ut nye måtar å fremme barn og unge si psykiske helse på.

Ei ny folkehelsemelding skal bli lagt fram våren 2019.

– Meldinga skal synleggjere utfordringane innan fysisk og psykisk helse og sammenhengen mellom desse, slik at vi kan sette inn tiltak for å møte desse utfordringane, seier eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen i ei pressemelding på regjeringen.no.

Les også: Else Kåss Furuseth opna huset sitt for å førebygge sjølvmord

Hevar grensa for eigendel

I forslaget til statsbudsjett for 2019 foreslår regjeringa òg at fritakgrensa for eigendelar ved ungdomspsykiatriske poliklinikkar (BUP) og psykiatriske ungdomsteam (PUT) blir heva frå 18 til 23 år for pasientar ved BUP og 30 år for pasientar ved PUT.

– Vegen frå barn til voksen kan vere tøff nok. Han blir endå tøffare viss du strevar psykisk. Difor må unge som slit få hjelp så fort som mogleg, seier helseminister Bent Høie i ei pressemelding på regjeringen.no.

– Å måtte betale for behandling kan hindra dei i det. Difor fjernar vi no eigendelen for unge som har behov for psykisk helsehjelp.

Les også: Unge vaksne slepp eigendel for psykiatrisk hjelp

Har vore ulik praksis frå stad til stad

Det har vore ulik praksis for betaling av eigendel for pasientar over 18 år ved landet sine psykiatriske poliklinikkar og ungdomsteam. Nokre stader har pasientar over 18 sloppe å betale eigendel, andre stader ikkje.

– Regjeringa er oppteken av at unge ikkje skal måtte betale eigendelar, og at det ikkje skal vere skilnader etter kor i landet du bur, seier Høie.

Forslaget blir sendt på høyring, og tek sikte på at endringane trer i kraft frå 1. januar 2019.

Arbeid mot vald og overgrep

I forslaget til statsbudsjett for 2019 vil Helse- og omsorgsdepertementet òg bruke 67 millionar kroner i arbeidet mot vald og overgrep.

Av desse skal 19 millionar kroner bli brukt til å etablere eit landsdekkande tilbod for å hindre at personar som er dømt for seksuallovbrot begår nye overgrep.

I dag er det behandlingstilbod for personar som er dømt for seksuallovbrot kun i nokre fengsel. Eit prosjekt for å kartlegge og behandle denne gruppa vart sett i gang i 2015.

Prosjektet har som mål å utvikle eit heilskapleg og samanhengande behandlingstilbod til personar dømte for seksuallovbrot.

Les også: Nordmenn ikkje blant dei ti lykkelegaste