Nordmenn ikkje blant dei ti lykkelegaste
Noreg har den 13. mest lykkelege befolkninga i verda, ifølgje ei måling der berre svara til innbyggjarane blir rekna med. Paraguay toppar for tredje år på rad.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I målinga som Gallup gjennomfører kvart år, er over 1.000 menneske i 140 land spurde om dagen i går. Blant anna skal dei svare på om dei vart behandla med respekt, om dei følte mykje glede, om dei smilte eller lo, og om dei var triste eller sinte, skriv Aftenposten, som har fått tilgang til Gallup-rapporten.
I Noreg svarar 97 prosent at dei vart behandla med respekt dagen før, mens 88 prosent følte mykje glede. To av tre følte seg utkvilte, mens 10 prosent var sinte store delar av dagen.
Les også: Nordmenn er verdas lukkelegaste. Men det er mest på innsida
Lukkelege Latin-Amerika
Med 78 av 100 moglege poeng deler Noreg 13.-plassen med Danmark, Island og Mexico, ifølgje Aftenposten. Heile åtte av dei tolv lykkelegaste landa er latinamerikanske.
– Den høge delen som rapporterer om positive opplevingar i Latin-Amerika, reflekterer i alle fall delvis ein kulturell tendens i regionen til å fokusere på dei lyse sidene ved livet, konkluderer Gallup.
I mars fall Noreg til andreplass på den årlege FN-rapporten over dei lykkelegaste landa i verda. Det er Finland som no toppar den lista. Denne rapporten gir eit heilt anna resultat fordi den tar omsyn til ting som kjøpekraft, økonomiske forskjellar og forventa levealder.
Les også: Lykke blir pensum på indiske skular