Unge vaksne slepp eigendel for psykiatrisk hjelp
Unge som har fylt 18 år, skal sleppe å betale eigendel hos barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar (BUP) og psykiatriske ungdomsteam (PUT).
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Pasientar som treng hjelp, må få det. Dette forenklar tilgangen til helseteneste for unge som slit psykisk, seier stortingsrepresentant Sveinung Stensland, som sit i helsekomiteen for Høgre, til NTB.
Regjeringa foreslår ei regelendring som hevar aldersgrensa for fritak frå eigendel til 23 år hos BUP og 30 år hos PUT.
Les også: Den sinte mannen er død
Likt for alle
Mange stadar har det vore slik at unge over 18 år har sloppe å betale eigendel for psykiatrisk behandling, mens andre stadar har dei unge vaksne måtta betale – slik reglane som vart utarbeidd på 1980-talet tilsa. No foreslår altså regjeringspartia å endre reglane slik at praksisen blir lik for alle.
Forslaget er ein del av statsbudsjettet som regjeringa legg fram måndag, men det er ikkje sett av noko beløp for å dekke kostnadane. I staden blir det lagt inn under budsjettanslaget for Helfo, som har ansvar for refusjonsordningane for helsetenester.
Det var då det vart innført endringar i den innsatsstyrte finansieringa av helseføretaka ved årsskiftet at den ulike praksisen vart avdekt. Fellesorganisasjonen slo alarm om saka, og både Arbeidarpartiet og SV reagerte. No har altså regjeringspartia tatt grep for å rydde opp.
Les også: «Eg er trist altfor ofte, utan spesiell grunn»