Caroline Piasecka fekk betalt utdanning med idrettsstipend i USA

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fektinga finansierte utdanninga

– Det er jo ein del idrettar der nordmenn er ganske gode, så om du ikkje er god nok i Noreg til å bli med på landslaget eller verdstoppen, så kan du framleis vere så god at du er interessant for college i USA, seier Caroline Piasecka (27).

Fektaren frå Ullern i Oslo løftar fram langrennssporten.

– Er du ikkje i toppen og kan bli langrennsløpar her, så kan du framleis vere best av alle der borte, men du tenkjer kanskje ikkje på at du har moglegheita til å reise til USA.  

Caroline Piasecka vart NCAA Champion med laget i 2012 og har etter ho kom heim att til Noreg vunne både kongepokalen og noregsmeisterskapet. Foto: Privat

Caroline Piasecka vart NCAA Champion med laget i 2012 og har etter ho kom heim att til Noreg vunne både kongepokalen og noregsmeisterskapet. Foto: Privat

I USA vert college og universitet nytta om kvarandre og tilsvarar det norske høgskule og universitetssystemet. Ein amerikansk bachelorgrad skil seg likevel litt frå den norske fordi det er eit fireårig løp, der dei siste tre åra er spesialiserte.

Piasecka reiste som første og foreløpig einaste nordmann til college i USA med fektestipend. Då hadde ho allereie markert seg med fleire gode plasseringar i juniorverdscupen.

Etter fire år ved Ohio State University i USA kunne ho i 2014 returnere til Noreg med både ein NCAA Champion-tittel, ein bachelorgrad i business og ein mastergrad i finans.

Les også: Færre internasjonale studentar reiser til USA

Regjeringa vil ha fleire ut

For regjeringa er det eit mål at fleire norske studentar tek utdanninga si i utlandet. Delen av den norske studentmassen som studerer i utlandet, har halde seg stabil på rundt 13 prosent dei siste åra.

Ifølgje tal frå Lånekassen studerte 24.974 norske studentar i utlandet i undervisningsåret 2017–2018. Kor mange som får finansiert utdanning med idrettsstipend i USA veit ein ikkje.

President i ANSA, Hanna Flood, rår studentar som vil til USA med idrettsstipend om å starta prosessen så tidleg som mogleg. Pressebilete: ANSA

President i ANSA, Hanna Flood, rår studentar som vil til USA med idrettsstipend om å starta prosessen så tidleg som mogleg. Pressebilete: ANSA

President i ANSA (Association of Norwegian Students Abroad), Hanna Flood, meiner idrettsstipend er ein unik moglegheit for unge idrettstalent til å koma seg utanlands.

Me har ikkje så mykje data tilgjengeleg på kva sportar det er vanlegast for nordmenn å få stipend for, men det er til dømes  lange tradisjonar for å få skistipend i Midtvesten, seier Flood.

Andre idrettar der nordmenn har fått stipend er golf, tennis, symjing, friidrett, basketball, roing, volleyball og orientering.

Sidan det er ein omfattande prosess å søkja seg inn på amerikanske universitet rår ANSA kandidatar til på starta så tidleg som halvtanna til to år før. Det er òg eit poeng å ta testane (SAT og TOEFL) ein må igjennom så tidleg som mogleg.

Presidenten i ANSA erfarer at det å ha internasjonal kompetanse er noko dagens arbeidsgjevarar etterspør.

– Den spesifikke kompetansen vil sjølvsagt variera frå bedrift til bedrift, men me ser at mange gjerne vil ha studentar som har studert i utlandet på grunn av dei personlege eigenskapane dei tileignar seg, i tillegg til at dei har eit litt anna fagleg perspektiv. 

Les også: Vårin (23) lever fotballdraumen i USA

Åtvara mot agentar

Reglane er litt ulike for dei ulike organisasjonane for collegeidrett, men for å vere kvalifisert til eit idrettsstipend i USA må ein ha både gode karakterar og kunne vise til prestasjonar i idretten sin.

I tillegg må ein vere amatør, noko som betyr at ein ikkje skal ha hatt kontrakt med eit profesjonelt lag, ikkje ha vore representert av ein agent og ikkje motteke løn eller premiepengar som er høgare enn utgiftene.

Piasecka har høyrt om agentar som tek på seg å hjelpe å finne aktuelle stipend, men har sjølv vorte åtvara mot å nytte seg av desse. Hennar råd er difor å undersøke sjølv kva universitet som tilbyr den aktuelle sporten og ta direkte kontakt med trenaren for å spørje om dei har idrettstipend.

Dagleg leiar i College Scholarships USA, Kim Moe Krohn, får stadig fleire kundar som vil ha hjelp til å finne idrettsstipend i USA. Foto: College Scholarships USA

Dagleg leiar i College Scholarships USA, Kim Moe Krohn, får stadig fleire kundar som vil ha hjelp til å finne idrettsstipend i USA. Foto: College Scholarships USA

College Scholarships USA er ei bedrift godkjent av ANSA som har spesialisert seg i å rettleia studentar som vil reisa til USA på idrettsstipend.

Dagleg leiar Kim Moe Krohn fortel at dei i år har hatt ei markant auke frå tidlegare år. Han forklarar auken både ved at dei har utvida verksemda, men òg ved at det har vorte ein større kultur for å reise til USA for å driva idrett.

– Målgruppa er jo dei som går på vidaregåande og då skjer mykje på sosiale medium. Dei får eit mykje større innblikk i det som skjer på college i USA gjennom sosiale medium som Instagram og Facebook, så mykje av rekrutteringa skjer der.

Han anslår at bedrifta har sendt kring 700 norske studentar til USA sidan første kullet i 2009. I år College Scholarships USA sendt 136 studentar til USA, noko som er ei tredobling samanlikna med fem år sidan.

Bedrifta hjelper desidert flest norske fotballspelarar til USA. Soccer, som amerikanarane kallar det, er den raskast veksande sporten i landet og collegeidretten rekrutterer difor mange internasjonale utøvarar.  

– Det er ei myte at ein må vere kjempegod for å reise til USA og drive med idrett. Det er 1500 skular som har fotballag, så ein må ikkje vere på nasjonalt nivå i Noreg for å kunne dra og spele i USA. Det er eit nivå tilpassa alle og einkvar, men jo betre du er jo større valmoglegheiter har du, seier Moe Krohn.  

I denne brosjyren frå ANSA kan du lese meir om framgangsmåten for å få idrettsstipend.

Caroline Piasecka (27) jobbar i dag i som Buisness Development Manager i Viasat Norway. Ho rår fleire til å reisa utanlands for å satsa på idrett parallelt med studier.

Caroline Piasecka (27) jobbar i dag i som Buisness Development Manager i Viasat Norway. Ho rår fleire til å satsa på idrett parallelt med studier i USA.

Amerikanske universitet

Sidan Ohio State University er offentleg var skulepengane «berre» 25-30.000 dollar årleg. Stipendet frå skulen dekte dette, i tillegg til nokre leveutgifter.

– Saman med lånekassepengane så gjekk det ganske greitt, så eg har eigentleg veldig lite lån, seier Piasecka, som i dag jobbar som Business Development Manager i Viasat Norway.

Ho fortel at av kring 20 fektarar var kring ti utanlandske studentar med stipend, gjerne frå austeuropeiske land.

Men å reise til USA for å satse på idrett er ikkje berre ein dans på roser.

– Sidan universitetet finansierer utdanninga di forventar dei både at du investerer tid i trening og at du presterer. I tillegg til det skal du gå på skule og få gode karakterar fordi du er interessert i å få ein god jobb, seier Piasecka.

I særleg hektiske periodar hendte det at ho stod opp klokka 05.00 for å lese før trening. Deretter var det trening frå 08.00-12.00, førelesning frå 12.00-20.00. Etter å ha lese fram til midnatt vart det berre tid att til fire-fem timar søvn.

– Eg dytta nok inn litt for mykje. Om du tek det fireårsløpet er det nok mykje meir overkommeleg, seier Piasecka, som ikkje ville vore erfaringa forutan.

Les også: Crystal (24) byrja på høgskulen då ho var 8 år

Kring halvparten av fektelaget på Ohio State University fekk finansiert utdanning gjennom stipend. Foto: Privat

Kring halvparten av fektelaget på Ohio State University fekk finansiert utdanning gjennom stipend. Foto: Privat

Etterlyser liknande ordningar i Noreg

Collegeidretten i USA er «big buisness». På Ohio State University hadde fotballaget åleine inntekter nok til å dekkje stipend for utøvarar i 23 andre idrettar.

National Collegiate Athletic Association (NCAA) er den største paraplyorganisasjonen for amerikansk collegeidrett og famnar om 1281 skular i tre ulike divisjonar.

Piasecka innser at det ikkje er mogleg å få til det same i Noreg, men etterlyser ordningar som kan hjelpa unge utøvarar å satse.

Ho ser at mange flinke unge idrettsutøvarar kanskje tek eit friår etter vidaregåande for å satse, men så ser seg nøydde til å byrja på ei utdanning. Med ny stad og trangare økonomiske rammer kan det verte vanskeleg å halde fram med idretten.

– Veldig mange sluttar når dei er 20, sjølv om dei kanskje var best i verda då dei var 18. Det er så synd for i Noreg klarar me ikkje å fange opp dei utøvarane i eit par år til. I USA får du fire år til der du kan drive med idrett som ein ganske stor del av livet ditt, så kan du kome tilbake med ei utdanning og velje om du vil satse nokre år til, eller byrje å jobbe, forklarar Piasecka.