LO går inn for høgare studiestøtte

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

LO-kongressen vedtok på fredag at LO skal arbeida for at det skal vera mogleg å vera heiltidsstudent. Kongressen vedtok mellom anna eit krav om å auka studiestøtta til 1,5 gonger grunnbeløpet i folketrygda, det vil seia ein auke på om lag 20.000 kroner frå dagens nivå, fordelt over 11 månader.

LO vil også at det offentlege skal ha en opptrappingsplan for utbygging av studentbustader, ifølgje ei pressemelding frå NTL Ung.

LES OGSÅ: LO opnar for oljeboring utanfor Lofoten

NTL Ung-leiar Sahar Azari, som kjempa for studentsakene under kongressen, kallar vedtaka ein siger for studentane.

– LO skal no ha større fokus på forsking, utdanning og studentvelferd. Dette er saker NTL Ung har kjempa for lenge, og me ser med glede på at også LO ser viktigheita av å forsvare prinsippet om lik rett til utdanning, seier Azari i ein kommentar.

LES OGSÅ: Ungdomspartia krev 15.000 fleire studentbustader