Cannabis meir skadeleg for tenåringshjernen enn alkohol

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studien fann at effekten på åtferd og på evna til å tenke og hugse, var verre for ungdom som røyka cannabis enn for dei som drakk alkohol. Det skriv BBC, og viser til ein studie publisert i American Journal of Psychiatry.

Studien fulgte og testa 3.800 ungdommar over ein periode på fire år, frå dei var om lag 13 år gamle.

Resultata viste at problema med læring, merksemd og beslutningstaking, auka etter kvart som cannabisbruken auka. Og effektane vara, i motsetning til ved bruk av alkohol.

Les også: Hjerneforskar refsar ungdomsparti for hasjliberalisering

Lovleg i Canada

I Canada har cannabis kun vore lovleg til medisinsk bruk frå 1923 fram til no i år. Frå 17. oktober i år trer eit lovverk i kraft som legaliserer cannabis til vanleg bruk. Målet med legaliseringa er å halde rusmiddelet unna mindreårige, å hindre at det er ei inntektskjelde for kriminelle, og å sikre tryggleiken og helsa til vaksne som brukar cannabis.

Lova tillet alle over 18 år å dyrke totalt fire marihuanaplantar i eigen heim til privat bruk, samt ei maksgrense på å besitte 30 gram av tørka cannabis. Det vil òg vere lovleg å kjøpe tørka eller fersk cannabis og cannabisolje frå ein lisensiert forhandlar.

I studien utført ved institutt for psykiatri i Montreal, fortalte tenåringar frå 31 forskjellige canadiske skolar om sin bruk av rusmiddel og alkohol ein gong i året.

Hjernekunnskapane deira vart òg testa kvart år i skolen ved hjelp av datastyrte kognitive testar.

Les også: Cannabisbruken blant unge i Oslo til vers: – No må vi legalisere og regulere salet

Fleire som drakk enn som røyka

28% av tenåringane rapporterte nokon form for cannabisbruk, og 75% av tenåringane sa at dei drakk alkohol ein gong i blant.

Professor Patricia J. Conrod frå institutt for psykiatri i Montreal er hovudforfattar av studien. Ho hadde venta at alkohol skulle ha hatt meir innverknad på tenåringane sine hjernar.

– Hjernen deira utviklar seg fortsatt, men cannabis forstyrrar det, sier prof Conrod.

Ho meiner dei bør utsetje bruken av cannabis så lenge dei kan, skriv BBC.

Les også: Cannabis i kokkeshow skapar reaksjonar