Huffington Post: «Noreg og Trump har same plan for Arktis»
«... og den er ikkje god».
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
- Noreg og Trump har same plan
Den amerikanske storavisa The Huffington Post skriv om at president Donald Trump trugar med å opna for oljeleiting i Arktis.
Avisa skriv at Noreg allereie er eit steg framfor Trump, og viser til nye boreløyve i Barentshavet som blei gjeve i april.
– Ved å tillata ny leiteboring i Arktis, berre veker etter å ha signert klimaløfta sine i Parisavtalen, motseier den norske regjeringa seg sjølv. Det er som dei prøver å bremsa klimaendringane, medan dei trakkar på gasspedalen, skriv Bill McKibben, forfattar av The End of Nature, i avisa.
Anders Bjartnes, redaktør for Energi og Klima, fryktar at internasjonal omtale av oljeboringa i Barentshavet vil vera skadeleg for Noreg:
Har sagt det før; åittitallets hval og sel-bråk er blåbær mot det som venter Norge pga olje i Arktis. #omdømmerisikohttps://t.co/Nz6XJp8guM
— Anders Bjartnes (@abjartnes) 14. mai 2017