Studentar i front for mangfald og samfunnsendring i Guatemala

Framtida
Publisert
Oppdatert 23.04.2021 10:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Guatemala er eit land i krise, men dei unge gir håp

I byrjinga av juni var Guatemala åstad for eit valdsamt vulkanutbrot som ramma tusenvis av menneske. Medan styresmaktene har handtert situasjonen svært dårleg, har Luis Enrique Ventura (23) og resten av studentrørsla stått i bresjen for katastrofeberedskapen og kampen for eit meir rettferdig samfunn.

Guatemala er nemleg eit land i krise, prega av fattigdom, korrupsjon, vald og straffefridom.

 

Studentar og andre frivillige på herberget på San Carlos universitetet arrangerer aktiviteter for barna så de får noe annet å tenke på for en liten stund.

Kontrastanes land

Guatemala blir ofte omtalt som kontrastanes land. Den unge generasjonen kjenner enno sterkt på etterverknadene av ein forferdeleg borgarkrig som varte i over 36 år.

Trass i at ei fredsavtale mellom styresmaktene og URNG-geriljaen kom på plass i 1996, er landet enno prega av fattigdom, vald og diskriminering.

Samtidig er Guatemala eit land med eit eineståande kulturelt mangfald og eit sterkt organisasjonsliv.

Over halvparten av befolkninga er urfolk som enno har behalde språket og tradisjonane sine. Dei kjempar for at rettane deira skal bli respekterte. Det same gjer ungdom, kvinner og andre undertrykte grupper i landa.

Barn og unge møter ulike utfordringar

– Korleis du opplever samfunnet som ung i Guatemala kjem an på om du er mann
eller kvinne, om du er urfolk eller afroetterkommar. I tillegg spelar klassespørsmålet
inn, fortel Ketzali Awalbiitz Pérez Pérez (20) som jobbar saman med Luis i styret
på studentkontoret.

Ketzali og Luis. Foto: Eva Fjellheim.

Ho tilhøyrer Maya Pocomam og Maya Mam folket, og understrekar at det er utfordrande å svare på vegner av alle unge i landet, da skilnadene er så store.

Over halvparten av befolkninga i Guatemala er urfolk. Foto: Eva Fjellheim

– Som urfolkkvinne i dette landet er det eit privilegium å kunne få studere på eit universitet, da det er veldig få urfolk som får høve til det.

– Samtidig opplever vi mykje rasisme i både private og offentlege rom, seier ho.

Luis understrekar at mannssjåvinisme, økonomiske skilnader, rasisme og korrupsjon er det som påverkar dei unge mest i kvardagen.

Han er sjølv homofil, og opplever mykje diskriminering på grunn av det.

I tillegg til erfaringane til enkeltpersonar, er det fleire hendingar i samfunnet som kan illustrere den utfordrande situasjonen for dei unge i Guatemala.

41 jenter brann inne på ungdomsheim

Ei hending som har gjort spesielt inntrykk på mange, er dødsbrannen som fann stad på ein ungdomsheim i hovudstaden på sjølve kvinnedagen i fjor. Den 8. mars 2017 brann 41 unge jenter i alderen 14-15 år inne og døydde.

Jentene på den offentlege ungdomsheimen hadde lenge prøvd å rope ut om seksuelle overgrep på institusjonen, utan å bli høyrde. Til slutt gjorde dei opprør og tende på madrassane i sovesalen for å få merksemd frå det offentlege. Svaret dei fekk var å bli låst inne, og tragedia var eit faktum.

Eitt år etter denne hendinga har enno ingen vorte straffeforfulgt.

På barrikadane etter kraftig vulkanutbrot

Guatemala har nyleg vore i det internasjonale nyhendebiletet på grunn av eit kraftig vulkanutbrot. Den 3. juni fekk vulkanen El Fuego sitt kraftigaste utbrot på mange tiår.

El Fuego. Bildet er frå 2014. Foto: Conred Guatemala/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

Ein reknar med at fleire hundre er omkomne, mange fleire skadde, og mange tusen er fordrivne frå husa og jordflekkane sine. Heile bygder i nær radius av vulkanen er utsletta.

Luis, Ketzali og resten av studentrørsla var raske med å reagere, og organiserte hjelpe- og kriseberedskapsarbeid.

Dei er rysta over korleis styresmaktene har handtert saka, og mange meiner at katastrofa kunne vore unngått.

– I Guatemala har vi eit stort problem, for vi har ikkje ein einaste protokoll for evakuering under kriser som vulkanutbrot. Til skilnad frå Japan der dei har gode system for naturkatastrofar, er Guatemala ekstremt dårleg utrusta, seier Luis, og legg til:

– Eg vert trist av å tenkja på dei som vart ramma av vulkanen, men det vondaste er at det kan skje vondare ting slik som landet er organisert no.

– Meir enn berre vulkankrisa, så ser eg at vi har eit stort problem som land. Vi må
sjølvsagt hjelpe dei som no er ramma av krisa, men samtidig må vi ikkje berre tenke
kortsiktig. Vi må fokusere på det at styresmaktene gjer jobben sin. Viss dei ikkje gjer det, må vi i folket sjølve organisere oss, held han fram.

Kravde at presidenten går av

Ei veke etter det første kraftige utbrotet, organiserte studentane eit massiv protestmarsj mot korleis styresmaktene handterte krisa.

Etter vulkanutbrotet organiserte studentane ein protestmarsj. Foto: Privat.

Saman med einskildpersonar og organisasjonar utgjorde dei ein folkemasse på rundt 4 000 personar.

– Vi var fleire unge og studentar som fekk høve til å halde appell under demonstrasjonen, fortel Luis.

Studentorganisasjonen USAC es pueblo gav klar beskjed om at dei fordømmer den manglande handlingskrafta til styresmaktene i forkant og under vulkanutbrota.

Dei krev at presidenten og fleire av hans ministrar går av. Dei vil òg fjerne direktøren for den nasjonale beredskapsstyrken CONRED, som dei gir skulda for ei så sviktande handlingskraft, og difor medskyldig i den humanitære krisa.

Ungdom er håpet for framtida

Det er ikkje første gong studentane protesterer i Guatemala. I 2015 leidde dei
massive protestar mot korrupsjonstiltalar, som til slutt førte til president Otto Pérez
Molinas avgang. No står dei igjen på barrikadane for endring. Midt i den humanitære og politiske krisa i Guatemala, er det utfordrande for ungdom å sjå for seg moglegheiter for
framtida. Samtidig ligg håpet nettopp hos dei unge.

– Her på universitetet møtast vi på tvers av klasse, kjønn, etnisitet og seksuell legning, og vi har ein dialog. Det er slik det burde vere på nasjonalt nivå, avsluttar Luis.

Det viser håp for framtida for alle unge i Guatemala.