Eksamenstekst: «Modernistisk litteratur – ei løysing på uforståande unge menneske?»
Les eksamensteksta Emilie Skrede vann Fridthiov Oos’ pris for.
Eksamenssvaret i norsk hovudmål frå 2024 er publisert med løyve. Teksta er språkvaska av Framtida.no.
Oppgåve: Skriv ein fagartikkel der du gjer greie for den modernistiske tradisjonen og drøftar om modernistisk litteratur kan gi unge menneske større forståing for korleis det er å vere menneske. Bruk eksempel frå vedlegga og relevant fagspråk.
Vedlegg:
— Knut Hamsun: «Fra det ubevisste sjeleliv», Samtiden, 1890. Utdrag frå artikkel
— Tarjei Vesaas: «Innbying», 1953, frå diktsamlinga Løynde eldars land
— Jon Fosse: «Kvitleik – forteljing», 2023, utdrag frå roman
Den modernistiske tradisjonen voks fram som ein reaksjon på den realistiske tradisjonen mot slutten av 1800-talet (Børresen, m.fl., 2021). Ordet moderne betyr «det som hører til den nyere tid, nåtiden eller en forholdsvis nær fortid» (Nilstun, 2018). Det moderne er ofte assosiert med noko som er betre, nytt og revolusjonerande. Det var nettopp dette som var drivkrafta til utviklinga av den modernistiske tradisjonen.
Verda var i stadig endring og ein opplevde rask vekst på mange plan. Det var likevel ikkje å hylle det moderne som var formålet til modernistane, men heller å problematisere det. Akkurat slik realistane ville gjort, men gjerne på ein annleis måte. Problem hadde lenge blitt sett under debatt gjennom den realistiske tradisjonen. No var det nye problem som skulle setjast under debatt, men med nye formål. Kva er den modernistiske tradisjonen og korleis kan denne typen litteratur påverke unge menneske si forståing av korleis det er å vere menneske?
Mot slutten av 1700-talet stod verda overfor ei enorm endring. Samfunnet vart snudd på hovudet i det den industrielle revolusjonen skaut fart. Ein flytta no inn til byane for å arbeide i industrien, og ein måtte forhalde seg til andre menneske på ein heilt ny måte. Urbaniseringa vart no eit faktum, og dei sosiale og økonomiske endringane førte sjølvsagt med seg litterære endringar. Noreg gjekk frå̊ å vere eit bondesamfunn til å bli industrisamfunn. På same måten gjekk vi frå̊ å vere eit religiøst land med religiøse normer, til at Friedrich Nietzsche påstod at «Gud er død». Vi gjekk ein sekulariseringsprosess i møte (Abusland, m.fl., 2021). Det var ikkje lenger mykje i livet som likna det den realistiske tradisjonen tidlegare hadde skildra, og modernismen vart eit brot med normene som tidlegare hadde både eksistert og blitt skrivne om. I artikkelen «Fra det ubevisste sjeleliv» frå̊ 1890, skreiv Knut Hamsun at ein måtte byrje å skrive om det sinnslivet moderne menneske lever. Ein må gi avkall på dei eldre skrivemåtane og det eldre innhaldet som ikkje lenger appellerer til det nye samfunnslivet.
Hamsun meinte at ved å gjere dette, ville ein kanskje «miste en del av det publikum som leser for å se om helten og heltinnen får hverandre», men at litteraturen til gjengjeld ville bli meir relaterbar for menneska. Med bakgrunn i dette kan ein gjerne seie at modernistisk litteratur vil gi unge menneske ei betre forståing av korleis det faktisk er å vere menneske. Typiske kjenneteikn for modernistisk litteratur inneber spesielt endringar når det gjeld form. Her er det eit tydeleg brot med dei tradisjonelle måtane å skrive på. For eksempel gjennom å kutte ut enderim, fast rytme og tydeleg strofeinndeling i lyrikken (Børresen, m.fl., 2021). Det vart også meir vanleg å skrive episke tekstar i eg-form, noko ein til dømes ser i Jon Fosses forteljing Kvitleik.
Sjølvsagt er det ikkje den frie rytmen i lyrikken som gjer at modernistisk litteratur kan vere positivt for unge menneske, men heilskapen av kva han inneber. Når Hamsun skriv at ein må gi avkall «på å skrive «typer» – som alle sammen er skrevet før – «karakterer» – som man treffer hver dag på torget» la han nok til grunn at ein skulle fokusere meir på individet. Slik starta også han å skrive i eg-form, noko som bidrog til at ein fekk fleire individuelle opplevingar i bøkene. Dette ville igjen føre til ei betre forståing av ulike «sjelelige tilstander» meinte han. Det er nemleg slik ein kan få ei betre forståing av det å vere menneske, nettopp ved å vise fleire ulike sider ved fenomenet.
I tillegg til individualismen som ein ny, viktig faktor for forståing, kom ei ny framstilling av samfunnet. Forfattarane har heile tida vore særs opptekne av å framstille både menneske, natur og samfunn på ulike måtar. Paradokset i denne tidsperioden er at den modernistiske tradisjonen vart «et oppgjør med moderniteten» (Børresen, m.fl., 2021). Framstillinga av samfunnet er eit viktig særpreg ved den modernistiske tradisjonen. Ein vidareførte Georg Brandes’ tankar frå̊ realismen om at problem skulle setjast under debatt, men no gjorde ein det ikkje lenger i håp og tru. Tidlegare vart det gjort i håp om framgang og i tru på framtida, men no skulle ein heller tematisere samfunnet slik ein faktisk opplevde det. Framandkjensle vart dermed eit viktig omgrep for modernistane (Børresen, m.fl., 2021). Skildringane av den moderne sivilisasjonen som noko nytt, skummelt og framand var gjerne unge menneske sitt første møte med den nye litteraturen. Igjen er det nettopp innhaldet i den modernistiske litteraturen som vil vere den viktige faktoren for at unge menneske skal kunne kjenne seg igjen i han. Å skildre eit samfunn dei stod midt opp i og å setje ord på kjensler mesteparten kunne kjenne seg igjen i, har nok vore viktig for at modernismen fekk grobotn og kunne utvikle seg vidare til den dag i dag.
Dette var gjerne starten på at unge menneske kunne bruke litteraturen som ei kjelde til betre forståing. Som nemnt er det ikkje den frie rytmen, slutt på enderim eller postmodernistiske tingdikt som gjer at litteraturen gir oss ei auka forståing av menneska i samfunnet. Likevel kan det kanskje medverke til det? I Tarjei Vesaas sitt dikt «Innbying» er det brukt fri rytme og ein finn inga form for rim. Vesaas hadde ikkje kunne skrive «Som lauv er du og eg» dersom det måtte vere på rim. Fri rytme som eit typisk modernistisk trekk, bidreg kanskje til at det vert lettare for forfattaren å uttrykkje kjensler og skildre livet som menneske. Ein hadde gjerne ikkje opplevd like direkte skildringar dersom det ikkje var for at ein kunne skrive heilt fritt. Dette smittar igjen over på lesarane av litteraturen, som jo får ei betre og meir direkte skildring av kjenslene og det å vere menneske.
På den andre sida kan ein sjølvsagt peike på at «fort skjelvande og fort borte» (Vesaas, 1953) ikkje nødvendigvis gir direkte meining når ein skal setje seg inn i korleis det er å vere menneske. Ein kan gjerne seie at modernismen fort kan bli sett på som litt vel eksperimentell i forhold til den realistiske tradisjonen ein var vand med. Under heile den realistiske perioden hadde ein forsøkt å få litteraturen så verkelegheitsnær som mogleg. Ein skreiv rett og slett det ein kunne sjå og oppleve objektivt utanfrå, «billig ytre psykologi» ifølgje Hamsun.
Sjølv om modernismen på si side eksperimenterer meir med heile kjensleregisteret, kan det bli vanskeleg for unge menneske å heile tida måtte lese mellom linjene for å forstå kva som er meint. På denne måten kan ein dermed seie at modernistisk litteratur kan verte for komplisert, og dermed gjere oss forvirra over korleis det skal tolkast. Eksperimentering med teiknsetjing, verselinjer og sjangerkrav (Abusland m.fl., 2021) er gjerne ikkje det første ein assosierer med ei betre forståing av det å vere menneske. At det ikkje blir stilt nokon spesielle krav til korleis ein skal skrive, kan dermed slå tilbake på unge menneske som skal prøve å forstå litteraturen.
Sjølv om den modernistiske tradisjonen byr på både utfordringar og nye løysingar, kan ein nokså sikkert konkludere med at perioden er komen for å bli ei god stund til. Den modernistiske tradisjonen opnar opp for nye måtar å skildre både samfunn og menneske på. Desse metodane kan ein gjerne sjå som meir liberale. Det gjer til at vi kan seie at han i all hovudsak bidreg til at unge menneske kan få ei betre forståing av korleis det er å vere menneske. Det er nok viktig å sørgje for at også litteraturen ligg så nært verkelegheita som mogleg, då dette bidreg til at ein lettare kjenner seg igjen. Likevel er det positivt å vende blikket innover mot dei subjektive førestillingane av ulike moment. Slik får ein ei breiare forståing av ulike individ og opplevingar i verda. Dette vil bli viktigare og viktigare i tida som kjem slik at vi kan samarbeide om ei betre verd gjennom at vi både har – og viser – forståing overfor kvarandre. Kanskje vart den modernistiske litteraturen ei løysing på uforståande, unge menneske?
Referansar
Fosse, Jon. (2023). Kvitleik – forteljing, Det Norske Samlaget. Hamsun, K. (1890). «Fra det ubevisste sjeleliv», publisert første gong i Tidsskriftet Samtiden.
m.fl., Åsa Abusland. (2021, oktober 27). Hvorfor oppstod modernismen? Henta frå Ndla: https://ndla.no/r/norsk-sf-vg3/hvorfor-oppstod-modernismen/488d083bfc
m.fl., Åsa Abusland. (2021, November 05). Modernismen – en reaksjon på modernitet. Henta frå Ndla: https://ndla.no/r/norsk-sf-vg3/modernismen—en-reaksjon-pa-modernitet/eaa3370037
Nilstun, Carina. (2018, mai 8). moderne. Henta frå Store norske leksikon: https://snl.no/moderne
Pål Fredrik Børresen m.fl. (2021). Appell. Oslo: Gyldendal.
Vesaas, Tarjei. (1953). Innbying. I Løynde eldars land, dikt, Gyldendal.