Nynorsk kultursentrum feirar 25 år!

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 28.09.2018 14:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorsk kultursentrum er ei stifting litt utanom det vanlege. Kor mange andre museum kan hevde dei har ei rullebane i hagen?

Sidan Nynorsk kultursentrum vart stifta i 1993, så har det gradvis vakse. Det skulle vere eit knutepunkt for nynorsk skriftkultur, men har enda opp som mykje meir. På fredag er det difor duka for fest på Ivar Aasen-tunet!

25 år med vekst

Allereie året etter stiftinga vart oppretta tok den over deler av ansvaret for Dei nynorske festspela. Ved årtusenskiftet stod Ivar Aasen-tunet klart til å ta imot Aasen-entusiastar og nysgjerrige sjeler. I 2008 var Nynorsk kultursentrum med å skipe Allkunne, leksikonet på nynorsk. Seks år seinare vart Olav H. Hauge-senteret i Ulvik opna, og no ligg planane klare for at også Vinje-senteret skal etablerast i Telemark.

Samstundes er Nynorsk kultursentrum ansvarleg for eit hopetal arrangement – som Litteraturdagane i Vinje og Ulvik poesifestival – der målforma får lov å blomstre.

Fungerande språksjef i NRK og «Årets nynorskbrukar» i 2012, Ingvild Bryn, trekkjer særleg fram Dei nynorske festspela.

– Dette er eit viktig årleg arrangement for alle som nyttar nynorsk og andre som har eit hjarte for nynorsken. Slike festivalar gjer at nynorskfolk går litt – eller skal vi seia endå – rettare i ryggen!

– Nynorskens hovudkvarter

Eit av føremåla til Nynorsk kultursentrum er å gjere nynorsken tilgjengeleg. Difor gjer også stiftinga kvart år stas på ein institusjon eller ein person som gjennom stødig og flott nynorsk er eit godt foredøme, og som skapar større forståing for nynorsk.

Slik stadfesting treng både mottakarane og nynorskbrukarar generelt.

Odd og Aasmund Nordstoga held på målforma si. Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen og Marcel Lelienhof

Odd og Aasmund Nordstoga held på målforma si. Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen og Marcel Lelienhof

– Å få ei så stor anerkjenning frå nynorskens «hovudkvarter» var ei oppleving og veldig moro. Mor og far var til og med med, og det var einaste gong eg har fått ein pris der dei har kome, så då heng prisen høgt, seier Odd Nordstoga i ein epost til framtida.no.

Han vann prisen «Årets nynorskbrukar» saman med bror sin Aasmund Nordstoga i 2014.

Også forfattaren Maria Parr, som fekk utmerkinga i 2010, meiner det betyr mykje å verte sett på denne måten.

– Det at eg skriv på eit minoritetsspråk har alltid gjeve ekstra energi og motivasjon. Eg veit at bøkene vi lagar trengst veldig, og eg vil at dei skal vere gode. Å få denne prisen vart ei stadfesting på at det å lage gode barnebøker på nynorsk er viktig.

Les også: Det første Olav H. Hauge-stipendet til Erlend O. Nødtvedt

Framleis ein veg å gå

Gunnar Skirbekk vart kåra til "Årets Nynorskbrukar" i 2013.

Gunnar Skirbekk vart kåra til «Årets nynorskbrukar» i 2013.

Sjølv om Nynorsk kultursentrum har 25 år med innsats å vise til, så er ikkje arbeidet over. Filosof Gunnar Skirbekk trur det kjem til å vere behov for Nynorsk kultursentrum så langt vi ser inn i framtida.

 Nynorsk kultursentrum er svært viktig for nynorsken ved å vere ein fysisk stad som interesserte kan vitje – eit synleg landemerke for norsk språk. Ved alle dei arrangement som dyktige fagfolk får i stand. Og endeleg ved det omfattande, nitide og stadig oppdaterte registreringsarbeidet om språksituasjonen som Nynorsk kultursentrum står for.

For stadig søkjer universitet om å få sleppe nynorsk. Framleis må nynorske skular nytte digitale læremiddel på bokmål. Ikkje ein gong NRK klarar oppfylle sitt eige krav om 25 prosent nynorsk på flatene.

Maria Parr meiner breidda av arbeidet Nynorsk kultursentrum gjer, er ei styrke. Foto: Svein Olav Langåker.

Maria Parr meiner breidda av arbeidet Nynorsk kultursentrum gjer, er ei styrke. Foto: Svein Olav Langåker.

Barnebokforfattar Maria Parr meiner stiftinga har ei sentral rolle både kulturelt og politisk.

 Nynorsk er eit levande språk, som stadig må kjempe litt ekstra. Nynorsk kultursentrum er ein av dei aktørane som gjennom arbeidet sitt minner oss på kvifor det er viktig, og som gjer det artig og meiningsfullt å vere med på laget, skriv Parr i ein epost til framtida.no.

 

Har du lest artikkelen heilt til botn no? Test kunnskapane din med Framtida.no sin quiz om Nynorsk Kultursentrum her!