Han blir sjef for nytt Vinje-senter

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rantala arbeider i dag som arrangements- og marknadssjef ved Gullbring Kulturanlegg i Bø.

– Eg er svært takksam for tilliten Nynorsk kultursentrum har gitt meg, seier Rantala, som er handplukka til å leia Vinje-senteret.

Det nye senteret som er under etablering i Vinje i Telemark er tenkt som eit museum for dikting og journalistikk. Senteret blir ei ny driftseining i Nynorsk kultursentrum på linje med Hauge-senteret i Ulvik og Aasen-tunet i Ørsta. Det skal fylla hovudetasjen i nedlagde Vinje skule, som skal byggjast om. I tillegg skal det reisast ein ny kontorfløy. Vinje-senteret blir på 700 kvadratmeter inkludert fellesareal med Vinjar samfunnshus vegg i vegg.

Overtydd av Grepstad

Engasjementet til direktør Ottar Grepstad ved Nynorsk kultursentrum blei avgjerande for at Kristian W. Rantala takka ja til jobben med å leia Vinje-senteret. Foto: Foto: Lars O. Flydal / Nynorsk Kultursentrum

Til saman har over tretti personar vore kontakta eller vurderte til stillinga som dagleg leiar. Etter at det melde seg for få søkjarar då stillinga blei lyst ut for vel eit halvt år sidan, har Nynorsk kultursentrum etter kvart fått hjelp av rekrutteringsselskapet Hodejegerne i Oslo til å leita etter den personen som er best eigna.

– Vi tok den tida vi trong og fann den rette, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum om tilsetjinga av Rantala

Sjølv seier den nytilsette leiaren at det var entusiasmen til Grepstad som gjorde at han takka ja til stillinga.

– Den heilt konkrete grunnen til at eg sa ja var at Ottar Grepstad overbeviste meg med engasjementet sitt. Då han fortalde kva Vinje-senteret skulle vera, forstod eg det, og då blei det veldig lett å takka ja, seier Rantala til Nynorsk pressekontor.

Han fortel at det han tente mest på var tankane om å setja søkjelys på historia, sjå samtida i lys av fortida og stilla spørsmål om aktuelle tema.

Vand med kulturformidling

Sjølv om dikting og journalistikk skal stå i høgsetet i det nye senteret, er den nytilsette leiaren klar på at det nok ikkje er røynslene hans på desse områda som gjer at han fekk jobben.

– Det er nok meir fordi eg har mykje erfaring med å gjennomføra arrangement og drifta andre kulturtiltak som dreier seg om det å formidla, seier han.

Slik ser eit skisseforslag over det planlagde Vinje-senteret ut. Illustrasjon: Hille Strandskogen Arkitekter / Nynorsk kultursentrum

Rantala har mellom anna vore produsent for Det Norske Kammerorkester og Oslo Solistkor. Han har også vore dagleg leiar for Viser ved kanalen i Lunde i Telemark og hatt fleire verv i kulturlivet. Lista over slike verv inkluderer mellom anna nestleiar i Telemarksfestivalen frå 2013.

Vil trekkja veksla mellom kunstgreiner

– Korleis går kammermusikk og viser saman med dikting og journalistikk?

– Musikk, kunst og kultur høyrer saman. For meg blir det viktig å ikkje isolera det frå kvarandre. Det å trekkja trådar mellom dei ulike kunstgreinene trur eg blir viktig også for Vinje-senteret, seier Rantala.

Han meiner synest oppblomstringa av litteraturfestivalar rundt om i landet har vist at det går an å formidla og oppleva litteratur på nye måtar. Det å setja ting inn i ein sosial kontekst trur han blir viktig både når ein skal formidla dikting og journalistikk.

I tillegg til brei praktisk kulturformidling har Kristian W. Rantala også studert kulturformidling og har master i kulturstudium.