Det første Olav H. Hauge-stipendet til Erlend O. Nødtvedt

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Erlend O. Nødtvedt (f. 1984) får stipendet for å ha fornya det lyriske språket samstundes som han løftar fram fleire litterære uttrykk og tradisjonar.

– Eg er utruleg stolt og glad for å få dette stipendet, seier Erlend O. Nødtvedt til Nynorsk pressekontor.

Han meiner det er eit fantastisk initiativ å opprette ein pris som fokuserer på poesien – som ofte kjem i skuggen av prosaen.

– Å få eit så stort stipend gir meg eit løft og tid til å skrive meir. 150.000 kroner er ein stor sum i økonomien til ein poet, seier prisvinnaren.

Les også: Nytt stipend til unge diktarar

Lyrisk univers

Juryen seier mellom anna at Nødtvedt med diktbøkene sine har skapt eit iøyrefallande lyrisk univers.

«Språket flyttar seg høgt og lågt i ei grenselaus blanding av gamle språkformer, moderne daglegspråk, nyord og lydord og fragment frå andre diktarar. Poeten smeltar dette saman til ei ny legering, til syner og musikk.

Sjølv om diktbøkene inneheld mykje galskap, lått og humor, gir det medvitne spelet med den litterære tradisjonen og historia ei nerve av alvor under skrifta.

Slik får poeten fram ei slags alltid i dikta sine, der fortida framleis er levande i notida, og folkevisa og avantgard-lyrikk får klinge saman», melder juryen.

Les også: Slutt på hjerte/smerte i norske dikt

Olav H. Hauge ein viktig inspirasjon

– Olav H. Hauge er ein poet eg set veldig høgt og diktinga hans har vore ein viktig inspirasjon for meg som forfattar. Hauge kling verkeleg med i forfattarskapen min. Å bli tildelt eit stipend som ber namnet til den store diktarhovdingen er verkeleg flott, seier Nødtvedt.

Olav H. Hauge er ein poet Nødtvedt set høgt. Foto Odd E. Nerbø

Den unge lyrikaren har vore på poesifestivalen i heimbygda til Olav H. Hauge ved fleire høve.

– Ulvik poesifestival er ein veldig bra og kvalitetsmedviten festival som eg har vore på fleire gonger.

– Der møter ein både store, etablerte lyrikarar og unge framstormande. Hauge si dikting blir halden levande utan at det blir ein nostalgisk og tilbakeskodande festival, meiner Erlend O. Nødtvedt.

Les også: Skam-bøkene stormar ut i verda. Nytt opplag her heime

Fire utgjevingar

Erlend O. Nødtvedt debuterte med Harudes i 2008, eit langdikt om Hordaland fylke der han kryssar ulike målformer.

I Bergens beskrivelse frå 2011 held han fram i eit lydmålande språk der notid og fortid smeltar saman i ei historierik diktforteljing om klassesamfunnet i Bergen by.

I diktsamlinga Trollsuiten frå 2014 skriv han seg inn i folkedikting og naturmytar med det norske kulturlandskapet som bakteppe, også her i ei grenselaus blanding av språkformer.

I romanen Vestlandet som kom i 2017 finn ein også stor språkleg rikdom.

Tretten kandidatar i år

Olav H. Hauge-stipendet blei kunngjort som ei open utlysing i vår. Nynorsk kultursentrum fekk inn 23 nominasjonar på 13 ulike kandidatar.

Stipendvinnaren blei kåra av ein jury oppnemnd av styret i Nynorsk kultursentrum. Stipendjuryen består av Brit Bildøen forfattar og juryleiar, Sindre Ekrheim forfattar og bokmeldar, og Stein Erik Lunde forfattar og lærar.

Les også: Ferrante-regissøren: – Tvilte ikkje ein augneblink

Olav H. Hauge-stipendet

  • Ein pris på 150.000 kroner, finansiert av Sparebanken Vest, Sparebankstiftinga Hardanger og Ulvik herad.
  • Nynorsk kultursentrum og Hauge-senteret etablerte stipendet i samband med Ulvik poesifestival i 2018.
  • Stipendet skal gå til ein norsk lyrikar, songar eller tekstforfattar under 40 år som har gitt ut inntil tre diktsamlingar eller eigne større songverk og med denne kunstnarskapen har vist eit særleg poetisk talent.
  • Stipendet skal delast ut annakvart år og skal over tid fordelast jamt mellom kvinner og menn som skriv på nynorsk og bokmål. Kunstnarar som nyttar dialekt, kan også få stipendet.