Hoksrud tilbakehalden om menneskeskapte klimaendringar
Landbruks- og matminister Bård Hoksrud (Frp) vil verken svare ja eller nei på spørsmål om han trur på klimaendringane er menneskeskapte.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dyr og menneske gir utslepp. Spørsmålet er kva som fører til endringane. Men det er viktig for meg å seie at både vi og næringa jobbar for å få utsleppa ned, seier Hoksrud til Dagsavisen.
På direkte spørsmål om han trur på menneskeskapte klimaendringar, svarar den ferske landbruksministeren:
– Poenget er at alt vi gjer, er med på å påverke klimaet. Eit vulkanutbrot og andre naturlege ting har også stor påverknad. Det viktigaste er at vi gjer noko med det når det skjer endringar.
Les også: Klimaet vert meir ekstremt i framtida
Veret og klimaet har skifta til alle tider
Vidare seier Hoksrud at vêret og klimaet har skifta til alle tider, og at det for han «er viktigare å sjå på kva vi kan gjere her og no for å legge gode rammevilkår framover».
– Stortinget har sett nokre klare krav, og det er min jobb å følgje dei opp. Vi har også eit veldig godt samarbeid med organisasjonane. Det er semje om å sjå på korleis ein skal redusere utslepp. Det er klart at menneske er med å påverke, seier han.