Éin av tre meiner dei har merka klimaendringane

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 15.08.2018 09:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Undersøkinga er utført av Cicero–Senter for klimaforskning, og ein del av funna blir presenterte under Arendalsveka tysdag.

– Det ser ut som at det er ein ganske liten del i befolkninga som meiner at klimaendringar ikkje skjer, og også ein ganske liten del som meiner at mennesket ikkje påverkar klimaet, konkluderer Cicero-forskar Marianne Aasen til NTB.

31 prosent svarar at dei personleg har erfart at klimaendringa går føre seg.

Undersøkinga er gjort i juni, og Aasen meiner dermed at den ikkje fangar opp sommartørken og diskusjonen om «godt sommarvêr» versus klimakrise.

Les også: Studie viser 99,94 prosent semje om klimaendringar

Berre ein smakebit

Det er berre ein smakebit av undersøkinga Aasen kan legge fram i Arendal, sidan tala er såpass ferske. Forskaren tar atterhald om at det kan vere nokre skeivheiter, men det skal mykje til for å rokke ved hovudbildet, understrekar ho.

  • Til saman 77 prosent meiner påstanden om at det går føre seg klimaendringar stemmer ganske godt eller veldig godt.
  • Under 10 prosent avviser at menneskeleg aktivitet påverkar klimaet, mens rundt 70 prosent meiner vi bidrar til endringane.

Rundt 4.000 menneske er spurt, og det er TNS Gallup som har gjennomført datainnsamlinga.

Les også: Rapport: Difor er klimaendringar den største helsetrusselen i verda

Som røykjeloven?

Med årlege undersøkingar vil forskingssenteret følgje med på om folks syn på klimaendringar og klimatiltak forandrar seg. Spesielt er Aasen opptatt av å sjå korleis tiltaka politikarane kjem fram til, påverkar folks haldningar og åtferd.

Kan tiltak for å avgrense matkasting og bilkøyring få same effekt som røykjelova, som har bidratt til å gjere røyking tabu i svært mange kretsar?

– Vi vil sjå på utviklinga i normer–kva reknar folk som greitt og ikkje greitt? Det er særleg interessant no som det er verkemiddel på trappene. Aukar motstanden når verkemiddel blir innført? er noko av det Aasen lurer på.

Over halvparten av dei spurde har lita tru på at «ny teknologi vil løyse klimaproblemet slik at eg ikkje treng å endre livsstil». Men mange ser ut til å ha eit visst håp om at teknologien kan redde oss. Nær 26 prosent svarar at denne utsegna verken passar dårleg eller godt, og nesten ein av ti har full tillit til at teknologien vil løyse klimaproblemet.

Les også: Dette meiner nordmenn bør gjerast med klimaendringane

Føretrekkjer gulrøter framfor pisk

Under Arendalsveka er det ei rad arrangement der klimaet skal diskuterast. Med Parisavtalen ligg det eit press på politikarar og næringsliv for å finne fram til løysingar som kuttar utsleppa.

Tidlegare undersøkingar har vist at folk gjerne vil bidra for å løyse klimaproblemet, fortel Aasen. Spørsmålet er kor langt dei er villige til å gå og kva tiltak dei kan svelgje.

– Folk ønsker heller at samfunnet skal legge til rette for å velje rett, enn å straffe dårlege klimaval med høge avgifter. Å gjere vegetarmat meir tilgjengeleg og gjere det lettare å velje kollektivt er tiltak som blir støtta, seier Aasen.

Blant anna syns folk det er greitt å la fotgjengarar og syklistar få meir plass på kostnad av bilisten, ifølgje Cicero-forskaren.

– Når det gjeld endringar som verkeleg monnar, som å fly mindre og køyre mindre bil, oppgir folk generelt mindre vilje til å gjere noko, seier Aasen.

(©NPK)