Vêret vert meir ekstremt i framtida

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein tidleg morgon i hovudstaden stilte framtida.no på frokostmøte i Oslo.

Meteorologisk institutt, klimaforskingsenteret CICERO, Norsk institutt for luftforsking og Universitetet i Oslo skulle oppsummere rekordsommaren i Sør-Noreg. Det gjorde dei med eitt ord: ekstremt!

Like varmt som i Spania

Meteorologisk institutt kunne notere nesten endelaust med rekordar i juli. Temperaturtoppar som var fleire tiår gamle måtte takke for seg.

Så langt i år har landet hatt 44 dagar med temperatur over 30 grader – såkalla tropedagar. I fjor var det berre ein.

Ifølgje statsmeteorolog Bente Wahl var den gjennomsnittlege døgntemperaturen på Blindern i Oslo 22,3 grader i juli. Det er den normale julitemperaturen for Alicante i Spania. Samstundes kom det berre 41,6% av normal nedbørsmengd.

Ein gjennomsnittleg norsk sommar er langt kaldare og våtare enn årets.

Les også: Rekordvarme med ein bismak

Hetebølgja vart meir sannsynleg på grunn av klimautslepp

Forskarar er forsiktige med å seie at enkelthendingar, som ei hetebølgje, er ein direkte konsekvens av klimaendringar. Alle rekordane går likevel inn i eit større bilete og dette er ganske klart.

Hetebølgja var ikkje tilfeldig

– Vi ser eit globalt mønster der varmerekordane kjem meir enn dobbelt så ofte som vi ville forvente om klimaet var stabilt, seier seniorforskar ved Meteorologisk institutt, Rasmus Benestad.

Seniorforskaren fortel at det internasjonale samarbeidet World Weather Attributions har rekna ut at hetebølgja har vorte mykje meir sannsynleg på grunn av klimautslepp.

– Hetebølgja var ikkje tilfeldig, slår Benestad fast.

Les også: Historisk vedtak om utsleppsfrie fjordar

Meir tørke og meir nedbør

Klimaendring tyder likevel ikkje at vi kan vente ein slik sommar kvart år. Det vil framleis vere store variasjonar frå dalsøkk til vidder og frå år til år. Vi vil få kalde somrar, varme somrar, og vanlege somrar.

Mykje tyder likevel på at vêr i framtida kan verte meir ekstremt.

– Det finst fleire forskingsrapportar som viser ei auke i tal, hyppigheit, varigheit og styrke i desse hetebølgjene, seier Benestad.

Samstundes seier seniorforskar ved CICERO, Gunnar Myhre, at vi også må bu oss på meir nedbør.

– Vi veit at det vert meir ekstremnedbør med global oppvarming.

I vårt langstrakte land er vi kanskje vande med variert vêr, men forskarane seier vi for framtida må bu oss på begge ytterpunkta – både lengre periodar med tørke og meir intens nedbør.

Kor mykje hugsar du eigentleg av rekordsommaren? Ta quizen her!