Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er mange problem i verda, men for at folk skal engasjere seg for å gjere verda til ein betre plass, så må ein også sjå at det nytter og at det skjer endringar heile tida! seier Beathe Øgård.

Ho er talsperson for informasjonskampanjen «Verdens beste nyheter» og leiar av Studentane og Akademikarane sitt Internasjonale Hjelpefond (SAIH).

Det var mogeleg å få seg ein morgonkaffi og ein matbit før dansinga starta.

Det var mogeleg å få seg ein morgonkaffi og ein matbit på Skatten.

Saman med Changemaker og Spire, så driv SAIH kampanjen «Verdens beste nyheter». Dei er lei av eit nyheitsbilete prega av dårleg nytt.

– Om ein kun les nyheiter får ein lett inntrykk av at verda utanfor Noreg sine grenser berre handlar om krig, naud, elende, svolt og naturkatastrofar, seier Øgård.

For å feire at verda ikkje berre er ein fæl plass inviterer dei difor til å starte dagen med Breakfast Beat – frokost, kaffi og disco.

Les også: Kvifor er media så opptatt av det dystre?

Frokostfest

På Tøyentorget har ikkje morgonrushet til arbeid heilt starta, men her og der er det dresskledde menn og kvinner med målretta gange, og studentar med smale auger som banar seg veg mot T-bana.

Klokka har så vidt bikka 06.30.

Men innanfor dørene på Skatten er det fest. Alle dei 120 billettane vart selde, og lokalet er stappa av entusiastisk ungdom med pålimte paljettar på kjakane. Ikkje eit morgongrettent fjes å sjå nokon plass, men glowsticks veivar i lufta og såpebobler flyt over dansegolvet.

Av dei som har funne vegen til Tøyen, er Amanda Sagedal og Pernille Herwell.

Amanda Sagedal (t.v.) og Pernille Herwell synest det vart tungt å stå opp, men verdt det!

Amanda Sagedal (t.v.) og Pernille Herwell synest det vart tungt å stå opp, men verdt det!

– Eg føler eg mister litt trua på verda, men med arrangement som det her så får eg litt trua tilbake, seier Herwell.

Også Sagedal, som tidlegare studerte utviklingsstudiar, merkar at dette hjelper mot pessimismen.

–  Som utviklingsstudiar-student så mista eg håpet. Du lærer om alt som ikkje funkar. Eg synest det som er bra med dette er at du ser at det er tiltak som faktisk fungerer, seier ho.

Les også: Fest for morgonfuglar

– Mange nordmenn trur vi er 30 til 40 år tilbake i tid

For Sagedal og Herwell er ikkje åleine.

Tidleg i august kunne VG melde at nordmenn ikkje eigentleg veit korleis det står til i verda. Avisa viste då til ei undersøking Norad hadde bestilt som syner at nordmenn er for pessimistiske.

Vi veit ikkje at 60 prosent av jenter i låginntektsland fullfører grunnskulen, at 80 prosent av eittåringer har fått vaksine, eller at ekstrem fattigdomen er halvert.

– Sjølvsagt dekker også nyheitene ein del av verkelegheita, men dei viser ein brøkdel av det som skjer, og utan å vise dei langsiktige positive trendane, seier Øgård.

For kjernen i «Verdens beste nyheter» sitt arbeid er å vere ei motvekt til det negative fokuset – å framheve at det skjer store og små framskritt over heile verda, og desse må ikkje drukne i mylderet av kriser.

Les også: – Sjokkerande at kunnskapsnivået blant nordmenn er så lågt

Kvart år er eit rekordår

Frå høgre Embla Regine Mathisen, Hege Skarrud, og Beathe Øgård.

– Utviklinga til «Verdens beste nyheter» viser at det er eit hol som må mettast i nyheitsbiletet, og at dette er noko veldig mange har lyst å vere med på og set pris på, seier Hege Skarrud, leiar i Spire.

For sidan kampanjen først vart arrangert i 2015 har den berre vakse.

Då dei starta for tre år sidan trykte dei 15 000 aviser. I år har dei 130 000. Over 500 frivillige i over 50 byar og tettstadar rundt om i det ganske land deler ut gratisavisa, og den er spekka full av gode nyheiter frå heile verda.

Les også: Drøymer om å bli overflødig

Positivt nytt for berekraftig framtid

–  Ofte så får dei positive nyheitene ein liten sidenotis, men vi er nøydde til å også la dei historiene verte ein del av debatten. Kva gjer vi riktig, og korleis kan vi løfte desse tinga vidare og ikkje berre la det stå som eit lite vedlegg i sidene, seier Skarrud.

Embla Regine Mathisen, leiar i Changemaker, meiner det er særleg viktig å framheve FN sine berekraftige mål.

Les også: Historisk semje om mal for berekraft

–  Eg trur det er viktig å setje lys på framstega innanfor kvart av FN sine 17 berekraftige mål for at folk ikkje skal tru at det er mål vi aldri klarer å oppnå. Eg trur vi klarer komme ganske langt på veg – men då er det viktig at folk ser at verda går framover!

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Er det for tidleg med disco kl 06.30 på ein fredag? Sjølvsagt ikkje! Les meir om det på framtida.no seinare! #breakfastbeat

Et innlegg delt av Framtida.no (@framtida.no)

Framtida.no kjem til å publisere nokre saker frå «Verdens beste nyheter», så følg med dei neste dagane!