Kvifor er media så opptatt av det dystre? La oss heller lese om heltane!


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kvifor er konflikt og negativitet så populært i media? Kvifor blir det skrive så mykje om at Stortinget er ein barnehage; og så lite om at 17 millionar vart samla inn til Leger utan grenser i protest? 17 millionar i Bjørnar Moxnes sitt namn, fordi han var den som turte å stå opp mot framandfrykt. 17 millionarkroner, berre på eit par dagar. 17 millionar for #mittfolk.

17 millionar for #eitvarmaresamfunn.

17 millionar for å hjelpe dei som treng det mest, noko folk flest er opptatt av. Folk flest er ikkje høgreekstremistar. Folk flest er vanlege folk.

Vanlege folk skriv kanskje ikkje i avisene, og går kanskje ikkje i tog, men vanlege folk vil at folk flest skal ha det bra. Og det viste denne innsamlingsaksjonen oss. Tar vi det innover oss? Eller har det gått oss hus forbi?

Korleis får vi folk til å handle?

Eg har alltid tenkt at media handlar om meir enn å oppdatere folk. Det handlar om meir enn å få folk til å tenke. Det handlar om å få folk til å handle. Om å få folk til å bry seg. Å bidra i lokalsamfunnet med utgangspunkt i eigne interesser og evner. Det kan vere alt frå å rydde stranda for søppel til å vere frivillig på asylmottak. Moglegheitene er uendelege.

Det store spørsmålet blir då: Korleis får vi folk til å handle? Ein ting er sikkert: Om ein berre høyrer om kor den siste bomba smalt, om alt det triste, då blir ein nedtrykt og handlingslamma. Mange tenkjer nok at «Det er ikkje nokon vits å prøve, problema er så store og eg er så liten. Eg er berre ein person.»

For å unngå at dette skjer, må vi dele dei gode historiene. Visste du til dømes at solkraft nyleg har blitt den billegaste energiforma i fleire delar av verda?

At over 1,5 millionar frivillige planta 66 millionar tre på berre 12 timar i India i fjor? Søndag den 2. juli i 2017 skjedde dette, men stod det om det i norske aviser? Ikkje i stort omfang.

Å dele meir suksesshistorier, er ein ting som kan inspirere folk til å handle for rettferd. Men det er ikkje berre det som er problemet i dagens media. Eit anna problem er at vald får svært mykje merksemd.

Les også: Ikkje fortel ein fireåring at ho er fin

Kvifor er vald så god PR?

RUF – Revolutionary United Front – er kjent som ein valdeleg opposisjon i den lange borgarkrigen i Sierra Leone på 90-talet. Men i utgangspunktet var RUF ein akademisk interesseorganisasjon med ikkje-valdelege, politiske mål. Dei vart ikkje høyrt, og dei fekk ikkje noko merksemd frå media. Då dei vart valdelege derimot, vart dei berømte over natta.

Slik kan det ikkje vere. Vi bør leite etter dei som har klart å endre verda til det betre, og gje merksemda til dei. Ikkje berre heltar frå fortida, som Mor Theresa, Ghandi og Martin Luther King. Levande heltar, heltar i notida.

Les også: Når dei som ytrar seg mistar smilet sitt

La oss skrive om heltane

La oss skrive om Naomi Wadler, ein 11-åring som haldt ein kraftfull tale for svarte kvinner og jenter som blir oversett, i March for Our Lives-markeringa i USA førre laurdag, 24. mars.

La oss skrive om Rita Nilsen, ei dame som var rusmisbrukar og no brukar all si tid på å å hjelpe andre rusmisbrukarar.

La oss skrive om Mikaila Ulmer, ein 11-åringing som starta ein suksessfull bedrift der ein stor del av overskotet går til å redde bier som er ein essensiell del av verdas økosystem. Denne idéen fekk ho då ho var fire år.

La oss skrive om søskenparet Hasan (15) og Shireen Zafar (13), som starta ein skule for gatebarn i Pakistan.

Dette er berre eit par døme. Lista er uendeleg.

La 2018 vere året der dei gode historiene går Norge rundt. La 2018 vere året der kvar og ein av oss står opp for ei sak vi bryr oss om, og deler den med andre. Det startar med deg, med oss alle.

La oss vise kvarandre at #eitvarmaresamfunn er rett rundt hjørnet.