– Det skjer jo faktisk bra ting i verda òg

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rusa på verdas beste nyheiter

– Me vil feire at verda faktisk går framover, og dei 400 frivillige som er ute og leverer gratisavisa «Verdens beste nyheter» i 40 norske byar, fortel Beathe Øgård.

Ho er talsperson for kampanjen «Verdens beste nyheter» og leiar i Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH). I samarbeid med organisasjonane Changemaker og Spire arrangerte dei torsdag festen Breakfast Beat.

Talsperson for «Verdens beste nyheter» og leiar i SAIH, Beathe Øgård. Foto: Ragnhild Sofie Selstø

– Kva er vel betre enn å arrangere ein fest når me kjem med så gode nyheiter? spør Petter Bergundhaugen frå Changemaker.

Vil skape engasjement

«Verdens beste nyheter» er eit konsept frå Danmark som først blei arrangert i 2010. Fem år seinare kom kampanjen til Noreg.

– «Verdens beste nyheter» sitt mål er å spreia nyheiter som fortel om positive framsteg i verda. Media er ofte sjokk- og problemorientert, som gjer at positiv utvikling som gjerne går over lenger tid fell ut av mediebilete, meiner Øgård.

For å spre sn glade bodskap blir det trykka opp avisar spekka med overskriftar som «Færre smittes av malaria» og «Fornybar revolusjon i India». Avisa kjem berre ut éin gong i året, men nettsida blir heile tida oppdatert med nyheiter om verdas framgang.

Frivillig Philip Rynning Coker frå Norsk Folkehjelp solidaritetsungdom deler ut avisa «Verdens beste nyheter» ved Jernbanetorget. Foto: Ragnhild Sofie Selstø

– Det er begrensa kor gjevande det er å sjå på Dagsrevyen når alt dei snakkar om er død og redsle, meiner Philip Rynning Coker. Han er leiar i Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom og ein av dei frivillige som delar ut gratisavis.

– Me håper at ved å fronte positive nyheiter vil det skape eit engasjement, og trua på at det faktisk går an å gjere verda betre.

Koffeinrus

Ved ein av Kulturhusets barar sitt deltakarar som startar festen med gratis kaffi og vegetarfrokost. To veninner skålar med glas fulle med ferskpressa appelsinjuice. Folk i alle aldrar er til stades, kledd i alt frå treningstøy til skinnskjørt.

– Vanlegvis pleier eg å slumre vekkerklokka om morgonen, men i dag berre spratt eg opp. Eg ville ikkje gå glipp av dette, ler jusstudenten Kristin Skolt.

Det er skremmande å tenke på kor mykje media påverkar oss

– Norsk media har ganske einsforma nyheiter, i alle fall viss ein berre les dei største avisene, meiner Skolt.

Sarah Minos står ved sidan av Skolt. Ho studerer til å bli byggingeniør, og er einig med veninna Skolt.

– Det er kjempeviktig å få positive nyheiter, det skjer jo faktisk bra ting i verda òg, seier ho.

I følgje «Verdens beste nyheter» trur mange nordmenn at det står verre til med verda enn det den faktisk gjer. Ei undersøking viser at nordmenn svarar meir feil på spørsmål om verdas utvikling enn det dei hadde gjort viss dei berre hadde gjetta.

– Det er skremmande å tenke på kor mykje media påverkar oss, seier Skolt.

Utsolgt

Skolt og Minos’ veninner forsvinn inn på dansegolvet og begynn å bevega seg etter rytmane.

– Me blir høge på kaffi og adrenalin som er mykje kjekkare enn fest med alkohol. Ein blir jo så døsig av alkohol, seier Tonje Dybdahl.

– Me kom hit fordi me elskar å danse! fortel Sarah Minos. Frå venstre: Sarah Minos, Tonje Dybdahl, Kristin Skolt og Kristina Dirdal på arrangementet Breakfast Beat på Kulturhuset, Oslo. Foto: Ragnhild Sofie Selstø

Dei 120 inngangsbillettane til Breakfast Beat forsvant like etter dei blei lagt ut for sal, og dansegolvet er fullt opp. Nokon står og dabbar med foten og svingar overkroppen rolig fram og tilbake, mens andre forsvinn i beaten og beveger seg i ein mykje større radius.

På den eine veggen blir det vist bilete av kjente ansikt som held opp gratisavisa foran kameraet, og ved inngangen heng FNs berekraftsmål.

Yeah, this is working for me! seier ein mannleg deltakar og kastar seg inn i dansen som skal heie på ein fredfull framtid.