Drøymer om å bli overflødig
Beathe Øgård brenner for å kjempe for dei grunnleggjande rettane, som ytringsfridom. No skal ho jobbe for det som ny leiar i SAIH.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Satsar på positive nyheiter
Studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond, litt meir kjent under forkortinga SAIH, er ein hjelpeorganisasjon driven av … vel, studentar og akademikarar.
Dei fleste studentar kjenner til organisasjonen berre gjennom tiarane dei betaler når dei betaler semesteravgifta. Over 160.000 norske studentar gjer det, og gjev til saman 8 millionar kroner årleg.
No har dei fått ein ny leiar, som gler seg til å starte kampanje som fortel dei gode historiene om den globale utviklinga. Møt Beathe Øgård som har teke over leiarvervet.
– Kvifor er det bruk for SAIH?
– Eg meiner SAIH er Noregs viktigaste stemme for akademisk fridom og høgare utdanna internasjonalt. Og organisasjonen fyller eit tomrom i norsk sivilsamfunn, fortel Øgård.
– Kva er dei viktigaste sakene for SAIH anno 2017?
– Det er å vidareføre Students at risk, ei ordning som lèt forfølgde studentar fullføre studia sine i Noreg. Og så skal me ha ein kampanje som heiter Verdas beste nyheiter, saman med Changemaker og Spire, som skal gje nordmenn eit meir nyansert verdsbilete, seier ho, og fortel om prosjektet:
– Det skal vere konstruktiv journalistikk om mellom anna global utivkling, som viser at det nyttar å organisere seg. Og så er det stortingsval i haust. Det vert viktig for SAIH å markere kampsakene våre.
– Kva vil SAIH merka av forskjell med deg som leiar?
– SAIH er ein organisasjon i vekst, og som har jobba med å spisse profilen utad. Me har no meir fokus på høgare utdanning, og forskarar og studentar i verda sine problem utfordringar. Det vert min jobb å fronte dette utad.
Brenner for dei grunnleggjande rettane
– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?
– Eg er einig med verdigrunnlaget til SAIH. Bakgrunnen min er frå ein bachelor i utviklingsstudium, og eg har vore praktikant på den norske ambassaden i Myanmar, og hjå UN Women i København.
– Kva er hjartesakene dine?
Det er å jobbe med studentaktivistar og studentrørsler globalt. Kamp for grunnleggjande rettar, som ytringsfridom, organisasjonsfridom og forsamlingsamlingsfridom. Det er ting ein tek for gjeve i Noreg. Men saman kan me kjempe gjennom endringar for demokrati og menneskerettar, seier Øgård.
Fattige har lang avstand til makta
– Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom over heile verda kan nå fram til dei som styrer?
– Eitt av våre viktigaste verkemiddel er å ha kreative kampanjar, der me frontar politiske mål med satirisk brodd. Det gjev merksemd, så me når ut til studentar og får merksemd frå politikarane. Det er ein inngang for å få til politiske møte.
Øvst i saka kan du sjå videoen frå då SAIH fekk mykje merksemd for kampanjen «Africa for Norway». Under Rusty Radiator Awards deler dei ut pris til den beste og verste bistandsvideoen.
– I fattigare land er det ofte større avstand til makta. Dei opererer under heilt andre tilhøve enn me gjer her i Noreg, men gjennom partnerarbeidet til SAIH, der me har kontakt med studentrørsler i andre land, håpar eg me kan lære frå kvarandre. SAIH vert driven av studentar og akademikarar, og me har ein eigne kampanjar for å lære og lære bort, fortel Øgård.
Hårete mål
– Kva er idealsamfunnet?
– Idealsamfunnet er eit samfunn der arbeidet til SAIH er overflødig. Der ein ikkje treng å arbeide for desse grunnleggjande rettane. Visjonen er ei verd der alle har tilgang til god utdanning, i ei verd med demokrati, menneskerettar og rettvis fordeling, seier SAIH-leiaren, og avsluttar med:
– Det er ein litt hårete utopi, men det er eit mål å strekkje seg etter.
Seks kjappe:
Frå: Haugesund
Alder: 24
Utdanning: Bachelor i utviklingsstudium
Favorittfag på skulen: På universitetet er det politisk teori
Medlem i (utanom SAIH): Medlem i nokre andre organisasjonar, som Støttekomiteen for Vest-Sahara, Regnskogfondet, Press, og Den norske turistforeining.
Hobby og fritid: Veldig glad i å reise, lese bøker og musikk.