Historisk semje om mål for berekraft
– Startskotet for ei global satsing som saknar sidestykke, seier utanriksminister Børge Brende.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Historisk semje
FN sine medlemsland blei i dag samde om nye, felles mål for berekraftig utvikling for dei neste 15 åra. Berekraftmåla skal erstatta FNs tusenårsmål frå årsskiftet, og kombinerer kampen mot fattigdom med fornya innsats for å ta vare på miljøet.– Klarer me å nå desse måla kan me bli den første generasjonen som utryddar ekstrem fattigdom samtidig som me styrkar det globale grøne skiftet. Dette er ein av FNs mest omfattande satsingar nokosinne. Dei skal gjelda for alle land – og i alle land, fortel utanriksminister Børge Brende (bildet) i ei pressemelding.
– Dette er ein av FNs mest omfattande satsingar nokosinne. Dei skal gjelda for alle land – og i alle land, seier utanriksminister Børge Brende om berekraftsmåla til FN. Foto: Frode Overland Andersen/UD
LES OGSÅ: Viser at verda blir stadig betre
Utvida satsingTusenårsmåla har bidrege til ei kraftig satsing særleg på helse og utdanning. Ekstrem fattigdom er redusert, barnedødelegheita er halvert og fleire har tilgang til reint vatn.
Denne satsinga skal førast vidare, samtidig som ein skal gjera meir for å sikra tilgang til vatn og energi, skapa arbeidsplassar og sikra berekraftig forvaltning av verdshava. Landa forpliktar seg også til å respektera menneskerettane, styrkja rettstryggleik og likestilling og trappa opp kampen mot korrupsjon.
LES OGSÅ: Ikkje realisterte tusenårsmål
Meir enn sju millionar forslag
Saman med måla er ein også blitt samde om ein ambisiøs plan for korleis dei skal setjast ut i livet. Det skal skje gjennom eit breitt globalt samarbeid og i partnarskap mellom FN, styresmakter, næringsliv og sivilsamfunn.
– For Noreg vil oppfølginga av dei nye berekraftsmåla ha noko å seia langt utover utviklingspolitikken, seier utanriksministeren.
I tillegg til alle FN-landa har også sivilsamfunn og privat sektor over heile verda deltatt i utforminga av måla og vil vera sentrale for at måla blir gjennomført. Meir enn sju millionar menneske har bidrege med forslag til mål.
Assisterande generalsekretær i FN-Sambandet i Noreg, Rune Arctander meiner ei tilnærming basert på rettar er den beste for å realisera alle dei 17 berekraftsmåla innan 2030:
– Menneskerettane må liggja til grunn for all innsatsen me gjer i FNs nye utviklingsagenda. Innsatsen vår må byggja på dei forpliktingane til menneskerettane me har gjennom FN, seier Arctander i ei pressemelding.
LES OGSÅ: – Verda blir stadig litt betre
Faktaboks
FN sine 17 berekraftsmål
Utrydda all fattigdom. Ingen skal leva under 1,25 dollar dagen.
Utrydda svolt, oppnå mattryggleik, betre ernæring og fremja berekraftig landbruk
Sikra og fremja god helse og sunnheit for alle aldersgrupper
Sikre inkluderande og rettferdig kvalitetsutdanning for alle, og fremja livslang læring
Oppnå likestilling mellom kjønn, og myndiggjera kvinner og jenter
Sikra bærekraftig forvaltning og tilgang til vatn og sanitæranlegg for alle
Sikre tilgang til påliteleg og bærekraftig energi som alle kan ha råd til
Fremja varig, bærekraftig og inkluderande økonomisk vekst, full sysselsetting og anstendig arbeid for alle
Byggja robust infrastruktur, bidra til inkluderande og berekraftig industrialisering og fremja innovasjon
Redusera ulikskap i og mellom land
Gjera byer og busetjingar inkluderande, robuste og berekraftige
Sikra berekraftig forbruk- og produksjonssystem
Ta aktivt og umiddelbart ansvar for å motverka klimaendringar og konsekvensane av desse
Ta vare på og bruka hav og marine ressursar på ein berekraftig måte
Verna om, bygga opp igjen og fremja berekraftig bruk av jordas økosystem, sikra bærekraftig forvalting av skog, motverka ørkenspreiing, stoppa og reversera erosjon og tryggja artsmangfaldet
Fremja fredelege, inkluderande og rettferdige samfunn for berekraftig utvikling med effektive og ansvarlege institusjonar på alle nivå
Styrkja høva for berekraftige tiltak og globale partnarskap for berekraftig utvikling
Kjelde: FN-sambandet og Un.org