Verdas fattigdom er halvert dei siste femten åra, men nordmenn trur det er motsett. Verdens Beste Nyheter vil endra det dystre verdsbiletet.

Kanskje har du sett dei allereie. I dag – fredag 9. september – går over 300 frivillige rundt i nesten 30 norske byar rundt og deler ut gratisavisa Verdens Beste Nyheter.

I år er andre året solidaritetsorganisasjonane SAIH (Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond), Spire og Changemaker går saman om å skapa eit alternativt nyheitsbilete.

Frå år 2000-2012 gjekk talet på barnearbeidarar kraftig ned.  Les saka her!

Fare for apati
Me tok ein telefon til SAIH-leiar Inga Marie Nymo Riseth i forkant av lanseringa.

– Det er fleire undersøkingar som viser at nordmenn har eit syn på verda som er utdatert. Til dømes ei undersøking gjort av Norstat i 2016, som viste at halvpart av nordmenn trur at fattigdommen i verda har dobla seg dei siste 15 åra, når den faktisk er halvert. Det er sjokkerande at kunnskapsnivået blant nordmenn er så lågt, svarar Nymo Riseth.

Med kampanjen håpar dei tre ungdomsorganisasjonane å nyansera mediebiletet og setja fokus på det ansvaret media har.

– Media er nordmenn si viktigaste kjelde til info om utvikling og internasjonale spørsmål. Media er oppteken av krise og konflikt. Då kjem dei negative historiene fram, medan det positive uteblir. Ei undersøking gjort av Oxfam i 2013 synte at 43 prosent av dei spurte ikkje trur at forhold i utviklingsland vil betra seg. 1 av 4 svarte at dei lukka augo når dei såg bilete av svolt, tørke og sjukdom. Bileta me ser i media gjer at ein vert apatisk. Framfor å engasjera seg, så skrur ein av tv-en. Men for å få ei rettferdig verd, treng me menneske som engasjerer seg. Difor er det viktig å høyra dei positiv fortellingane om framsteg internasjonalt.

Kampanjen Verdens Beste Nyheter starta i Danmark i 2010 og har sidan spreidd seg til 15 europeiske land.

I 2013 jubla UNICEF for at barnedødelegheita var halvert sidan 1990. Les saka her!


Redaktør for Verdens Beste Nyheter, Harmeet Kaur, fotografert under fjorårets aksjon. Pressefoto: Kari Eiring

– Krig og katastrofe sel
Redaktør i Verdens Beste Nyheter, Harmeet Kaur, har fått kjennskap til dei positive historiene gjennom organisasjonar som følgjer utviklinga verda over.

På kampanjedagen i Noreg viser Flytoget Verdens Beste Nyheter på sine skjermar. Til hausten skal gratisavisa få si eiga nettutgåve med fleire løpande nyheiter.

– Kva trur du er årsaka til at desse nyheitene ikkje kjem fram i mainstream media?

– Mykje av grunnen til dette er at dei gode nyheitene sjeldan skjer med eit smell. Positiv utvikling skjer gjerne over tid, medan det er mange aktørar som kjempar om merksemda i media. Krig og katastrofe sel. Eg synest ikkje det er ei unnskyldning. Media har eit samfunnsansvar i å gje befolkninga informasjon som gir eit heilskapleg bilete av verda, skriv Kaur i ein e-post til Framtida.no.

I 2012 vart FN-målet om reint drikkevatn nådd. Les saka her!

Mindre polio – meir skule
Så kva er det som gjer at Kaur og Nymo Riseth ser så positivt på framtida?

– Polio er snart utrydda – i dag er det berre tre land igjen med polio. Ni av ti born går på skule. Levealderen i verda er over 70 år – gjennomsnittet er på 71 år, svarar SAIH-leiar Nymo Riseth.

Vidare nemner ho fjorårets klimaavtale i Paris – der 195 land vart einige om å jobba saman for å avgrensa den globale oppvarminga til under 2 grader celsius. I tillegg var 2015 året då verdas FN-statar gjekk saman om 17 nye berekraftmål. Eitt av dei er å utrydda fattigdom innan 2030.

– Dette er heilt fantastisk at me har fått til. No er det viktig å følgja opp for å nå desse måla og då må me klara å engasjera folk, understrekar Nymo Riseth.

Ho er klar over at verda står ovanfor mange store utfordringar. Til dømes har det aldri vore så mange flyktningar i verda som akkurat no. Det betyr mellom anna at mange born ikkje får god nok kvalitet på undervisninga og at mange droppar ut av skulen er eit stort problem. 

– For at ein skal kunne gripa tak i desse utfordringane på ein god måte må me vera opplyste om situasjonen, slår ho fast.


Inga Marie Nymo Riseth vil skapa eit meir nyansert nyheitsbilete og motivera nordmenn til å engasjera seg gjennom å spreia dei positive nyheitene. Foto: SAIH

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE