– Menn skal ha rett til å vere sårbare

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Teksta var først publisert hjå Manifest Tidsskrift.

Alle menneske reagerer på sorg med sin unike måte og gjer det dei føler er rett, anten det er å sjå tv-seriar, gå tur eller fordjupe seg i nynorsk lyrikk.

Men er forskjellane berre individuelle? Eller er det forskjell på kvinner og menn sitt reaksjonsmønster i samband med sorg?

Les intervju med forfattaren her!

Menn vs. kvinner
Stereotypisk er kvinna det svake kjønnet, som sit heime og grin, medan mannen går på jakt og skyt ville dyr. Er det noko i dette? Reagerer menn og kvinner på ulike måtar?

I arbeidet med boka Sorg – ei lita bok om å vere lei seg, har eg snakka med Renate Grønvold Bugge, psykolog og spesialist i kriseleiing. Ho er ei av dei som har jobba mest med menn og sorg i Noreg.

Bugge veit mykje om ulike sorgmønster hjå kvinner og menn, og seier at det er skilnader mellom kjønna. Ifølgje psykologen har kvinner blitt invitert til å snakke frå dei er små, og har derfor ein språkreiskap dei i større grad kan nytte til å gi uttrykk for kjensler. Mange menn Bugge har møtt, har ikkje språk for å uttrykke sorg og skilje mellom å vere lei seg og sint. Kjenslespråk og -uttrykk er ganske kompliserte, og må lærast.

– Menn har fleire sperrer for å opne opp dei private og sårbare romma i seg, og gjer det gjerne berre med svært gode vener. Mannen er jo tradisjonelt sett det sterke kjønnet, og kvinna det svake. Og det kjem særleg tydeleg fram når det er snakk om sorg, seier Renate Bugge.

I samband med sorg vil dette ofte syne seg i at kvinner søker kjensler, mens menn søker handling. Eksempelvis at ei kvinne går til klesskapet eller baderomsskuffa til den avdøde for å kjenne lukta til vedkommande, mens ein mann vil gjere same aktiviteten ein gjorde saman med avdøde, for å kjenne på fellesskapet ein hadde saman, som til dømes ein fisketur eller hyttetur.

Ifølgje Renate Bugge er det stor forskjell på korleis ein handsamar menn og kvinner når eit foreldrepar mistar eit born.

– Ofte hamnar mannen i ei trøysterolle. Eg var ein gong med då eit lite barn døydde éin time etter at det kom på akutten. Då la eg merke til at det vart gitt mest trøyst til mor. Det var ei forventing om at også far skulle trøyste mor og vere den som heldt ho oppe. Han skulle vere den sterke. Då vart det ikkje rom for hans sorg. Når det er slik, må menn sette til side si eiga sorg. Det igjen kan oppfattast som at mannen er fråverande, noko som ganske ofte fører til utfordringar i forholdet, seier Bugge.

Les også intervju med Maria Bokneberg: – Vi kan redde fleire ved å snakke om sjølvmord

Dyster statistikk
Det er viktig at mannen si sorg også vert teken alvorleg. Menn skal ha full rett til å vere sårbare. Og få den omsorga ein treng for å komme vidare. Om ein ikkje får det, kan det få fatale konsekvensar.

Gjennomsnittleg tek 530 menneske sitt eige liv i løpet av ei år her i landet – noko som gjer det til den femte vanlegaste dødsårsaken. Tre gongar så mange menn som kvinner tek sitt eige liv i løpet av eit år. Kvar månad er det seks menn mellom 20 – 30 år som vel å avslutte livet. Det er fleire ulike grunnar til unge menn vel å avslutte livet. Ein av grunnane er at ein ikkje snakkar om dei vonde tinga. Dette både fordi ein ser på sine problem i forhold til andre som har utfordringar, at ein kjenner at ein ikkje har rett til å ha det vondt, i tillegg til opplevinga av at ein ikkje har nokon å snakke med.

Espen Korsvik, som er dagleg leiar i coachingselskapet Dating Adventure og coach innan sosialdynamikk, dating og livsstil, seier i eit intervju med KK:

– Menn har ikke det samme behovet som kvinner til å snakke om det, og dette skyldes rett og slett at følelsene hos menn generelt er mer stabile og er ikke i så mye svingninger, noe jenter ofte har.

Om han har noko seriøs forsking som kan underbygge påstaden sin, stiller eg meg tvilande til. Det handlar vel meir om at både menn og kvinner kjenner på forventningar som tradisjonelt sett ligg til kjønnsrollene. Og det å lire av seg slikt, er med på å forsterke dei, og gjere det unormalt at menn skal snakke om dei vanskelege tinga.

Les også innlegget: Det er ingen som trur at toastmasteren skal gjera sjølvmord

Det viktige
Eg meiner menn har ein del å lære av kvinner om å bli flinkare til å snakke om dei vanskelege tinga. Den klumpen av vondt inni magen kan vokse seg så altfor stor. Og her har me eit ansvar for kvarandre.

Det er viktig å spørje kompisen sin korleis han har det, og vere open for at svaret er, at ting ikkje er så bra – og at ein då tek seg tid.

Det er viktig å fortelje kompisen sin og menn generelt at det ikkje er skamfullt å be om hjelp.

Dei dagane som kan synast heilt umoglege å komme seg igjennom, vert enklare for dei fleste om ein seier dei vonde tinga høgt – og seier det som det er.

Og om ein ikkje heilt finn orda første gong, fordi ein ikkje har lært seg dei. Så får ein hugse at øving gjer meister. Og prøve fleire gongar.