Noreg som likestilt land har blitt kraftig avkrefta


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dei siste vekene har #metoo-kampanjen fått stor merksemd i media. Fleire og fleire historier om seksuell trakassering og overgrep kjem til syne og avdekkjer samtidig ein omfattande ukultur, også i det norske samfunnet. Tusenvis av kvinner har nytta hashtaggen i sosiale media for å fortelje sine historier, og sjeldan har seksuell trakassering stått på dagsorden så lenge som etter denne kampanjen. Og det er bra – for det er tydeleg at dette trengst å bli snakka om.

#metoo har avslørt at seksuell trakassering og overgrep er ein større del av kvinner sin kvardag enn ein hadde frykta. Det heile byrja med saka mot Harvey Weinstein, etter at New York Times 5. oktober avslørte at han i ei årrekkje har trakassert kvinnelege skodespelarar. I etterkant har fleire og fleire kvinner retta skuldingar mot Weinstein, og ifølgje VG har det etter kvart blitt over 60 skuldingar. Berre dette altfor store talet, og det faktum at han har fått halde på så lenge som han har gjort, stadfestar i største grad at dette er grunnleggande haldningar som det absolutt er behov for å ta tak i.

I kjølvatnet av alt dette har også norske kvinner stått fram med sine historier, og i det siste har fleire kvinner frå same bransjar signert opprop mot seksuell trakassering. Dette har gitt fleire bransjar gode grunnar til å rette blikket innover og stille spørsmålsteikn rundt kva som eigentleg går føre seg blant deira eigne. Aftenposten har blant anna skrive om #stilleforopptak, eit opprop som 590 norske kvinnelege skodespelarar har signert, #nårmusikkenstilner, der 1100 kvinner går ut mot norsk musikkbransje og #visyngerut, som 306 operasongarar og klassiske songarar har signert. #notonthemenu, ein kampanje mot seksuell trakassering på norske serverings- og utelivsstader, er også lansert, i tillegg til at også kulturlivet, politikken og mediebransjen har vist seg å vere blant dei som no må rette søkelyset innover. Og det finst fleire.

Desse kampanjane, sakene og oppropa skal takast på aller største alvor. At så mange kvinner opplever seksuell trakassering eller direkte overgrep på jobb, er eit alvorleg samfunnsproblem, og det må takast tak i med det same. Me i Noreg likar å tru at me lever eit fullstendig likestilt land, der kvinner og menn har akkurat dei same moglegheitene og rettane, ei førestilling som ein etter desse vekene dessverre må konstatere med at har blitt kraftig avkrefta.

Personleg er eg sjokkert over omfanget av det som har kome fram, og i kva grad også Noreg viser seg å vere langt frå den likestillinga som må vere målet for samfunnet vårt. Eg ante ikkje at det var snakk om ein slik ukultur, men historiene som har kome fram dei siste vekene har definitivt opna augo mine, og fått meg til å innsjå kor naiv eg har vore. Historier om kvinner som nektar å ligge med menn for å klatre på karrierestigen, og som deretter mistar jobben og blir stempla som «vanskelege», samtidig som menn som opptil fleire gonger har blitt skulda for seksuell trakassering ikkje møter konsekvensar, er berre eit par døme på historier som har kome fram. Er det slik samfunnet vårt skal vere? Eg meiner i alle fall nei.

Det trengst ei haldningsendring. Og den trengst no. Me må lære at seksuell trakassering på ingen måte er greitt, at kvinner har rett til å bestemme over sin eigen kropp og at leiarar, sjefar og andre som blir vitne til seksuell trakassering må byrje å ta det på alvor. Me må skape ein tryggleik rundt det at seksuell trakassering er noko som blir teke alvorleg på alle arbeidsplassar, slik at dei som opplever det, tørr å seie frå. Eg veit godt at denne saka verken omhandlar alle menn eller alle kvinner, og eg seier på ingen måte at alle menn er overgriparar og trakasserarar, for det er langt frå sanninga, men det er like fullt eit samfunnsproblem og ein ukultur som må takast tak i og nedkjempast av alle. For dette går ikkje lenger. Det er på tide å rette blikket innover og setje kursen mot eit samfunn med reell likestilling – eit samfunn der kvinner blir behandla som likeverdige menneske på jobb, same kva bransje det er.