Norsk studie: Forskjell på fedme blant jenter og gutar
Ny forsking viser at overvektige gutar lever meir usunt enn overvektige jenter. Forskarar og helsestyresmakter spør seg om dei har takla problemet feil.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tiltak mot fedme og overvekt hos barn og unge har berre vist seg å lykkast i avgrensa grad.
Lisa Ha Barstad er klinisk ernæringsfysiolog og forskar ved Senter for sjukleg overvekt ved Sjukehuset i Vestfold i Tønsberg. Tidlegare i år kom ho med ein studie som ser på risikofaktorane for hjarte- og karsjukdom hos 268 ungdommar i alderen 12 til 18 år med fedme. Blant funna hennar var at det var store forskjellar på fedme blant jenter og gutar.
Gutar brukar meir tid bak skjermen
– Ein bør vere klar over at det kan vere kjønnsforskjellar, til dømes at gutar er meir tilbøyelege til høg skjermtid, og at jentene er meir tilbøyelege til å hoppe over frukosten. Gutane har òg høgare inntak av sukkerhaldig brus og et mindre grønsaker. Samtidig er det òg meir høgt blodtrykk blant gutane, seier Barstad til NTB.
– Det er derfor viktig å ha auka søkjelys på tiltak som kan redusere stillesitjing, og å fremje regelmessige måltid, men kanskje er det særleg viktig å snakke om å avgrense skjermtida for gutane og om frukostmåltidet med jentene. Vi treng meir forsking på gode og tidlege tiltak for å fremje sunnare livsstilsvanar hos barn, og om tiltaka vi vel, skal vere annleis for gutar enn for jenter, seier ho vidare.
Les også: Kjære Bent Høie og Nicolai Astrup, la oss snakke om mensen!
Viktig livet ut
Studiar viser at fedme allereie i ungdomsåra er knytt til auka risiko for hjarte- og karsjukdom i vaksen alder.
– Gutar med fedme har meir livsstilsrelaterte risikofaktorar for hjarte- og karsjukdom enn jenter med fedme. Helsepersonell som jobbar med denne pasientgruppa, bør derfor vere merksame på moglege forskjellar i risikoprofil mellom kjønna. Utover blodtrykk og blodprøver er det viktig òg å spørje om livsstilssvanar som kan bidra til auka risiko for livsstilssjukdom seinare i livet, seier ho.
Auke av fedme og diabetes
Rapporten «Helsetilstanden i Norge» frå Folkehelseinstituttet kom i mai og viste ei betring i helsa hos nordmenn på fleire område, men ikkje for fedme og diabetes. Der er det ein auke i Noreg, og inaktivitet er ei stor utfordring.
Eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen (Frp) sa da til NTB at eitt av grepa regjeringa vil ta, er tidleg innsats retta mot barn og unge.
– Det handlar om å gi dei ein god start, gode vanar og førebyggje sjukdom. Vi må sjå til arenaer der barn og unge blir forma, sa ho.
Les også: Tre av ti studentar er ofte einsame
Heile familien
Før skulestart rår Barstad omsorgspersonar til å etablere gode kosthaldsvanar og leggje til rette for måltid og fysisk aktivitet. Det viktige er å ha den rette balansen i energiinntaket og energiforbruket.
– For store porsjonar mat og kaloritett mat gjer at energiinntaket blir høgare enn det kroppen treng. Regelmessige måltid inkludert eit frukostmåltid kan gjere det lettare å regulere matinntaket gjennom dagen og bidra til at det totale energiinntaket ikkje blir større enn det ein treng på ein inaktiv dag, seier ho.
Til slutt minner ho om at ein vaksen som droppar frukosten kvar dag og stadig sit klistra til skjermane sine, ikkje er ein god rollemodell.
– Eg meiner det er gunstig om heile familien er med på livsstilsendringar enten det gjeld skjermtid, søvn, aktivitet eller kosthald. Foreldra er viktige rollemodellar, og ein sunnare livsstil gjer jo godt for dei vaksne òg, seier ho.