Kjære Bent Høie og Nikolai Astrup, la oss snakke om mensen!

Karoline Hasle Einang, sjukepleiar
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kjære Bent, og kjære Nikolai. De likar begge to å snakke om utdanning av jenter, og de har heilt rett; dette er definitivt eit felt som er viktig å arbeide utviklingspolitisk med.

Utdanning av jenter er avgjerande for utvikling fordi ein får fleire individ i arbeid og dermed aukar økonomisk vekst i eit land. Det er tydelig at utdanning av jenter også bidrar til betre helse i eit samfunn fordi det bidrar til auka kunnskap og sikrar evna til å ta vare på både eiga og barns helse, som vidare kan bidra positivt til neste generasjonar (Norad, 2017).

Noreg arbeider allereie aktivt med jenters tilgang til utdanning, og har hatt dette som satsingsområde i fleire år. Mykje bra har skjedd globalt; fleire jenter startar på skule og ein har saman under FNs berekraftsmål bestemt at likestilling mellom kjønna skal oppnåast innan 2030. Inkludert i dette kjem lik tilgang til utdanning. Ikkje berre er det ein menneskerett, det er også eit nødvendig tiltak for eit fredfult, velståande og bærekraftig verdssamfunn (United Nations, 2017).

LES OGSÅ: Mensen var noko ekkelt ein ikkje snakka om

Redselen for å blø gjennom

Sanninga er likevel at 40 prosent av jentene som startar aldri fullfører grunnskulen (World Bank Group, 2016). Ein kan sjølvsagt peike på forskjellige grunnar til dette. Ein av dei er mangelen på hygieniske produkt og sanitæranlegg når jentene kjem i puberteten og får menstruasjon. Mange opplever at redselen for å blø gjennom, mangelen på ein stad å skifte eller vaske seg og stigma rundt menstruasjon hindrar dei i å vere på skulen.

For mange er toalettet ein farleg stad å gå

For mange er toalettet ein farleg stad å gå, og mangelen på hygieneprodukt kan gjere det umogleg å skjule menstruasjonen. Kvifor er det slik at menstruasjon, noko av det mest naturlege ein kvinnekropp kan føreta seg, er sett på med slik avsky og utgjer eit hinder for utdanning og utvikling?

Er ikkje mensen eit teikn på styrken til ein kvinnekropp? Mentruasjonsblødningar illustrerer kroppens evne til å bære fram eit liv og viser at kroppen fungerer som den skal.

LES OGSÅ: Vasskrise er kvinnekrise – krev meir bistand til toalett

La oss snakke om mensen!

Dersom vi tenker oss at halve verdas befolkning er kvinner, og trekker frå dei som enno er litt for unge, dei som er blitt så vaksne at dei er komen forbi overgangsalder og andre som av forskjellige grunner ikkje har menstruasjon, sit vi igjen med 25 prosent av verdas befolkning. Det er ganske mange menneske. Det er om lag 1.851.276.912 menneske faktisk. 1.851.276.912 kvinner og jenter som har mensen ei veke i månaden.

Mensen er normalt og naturlig og det er på tide at problematikken blir satt på dagsordenen, det er ikkje haldbart at jenter må slutte på skule grunna mensen i 2018.

Det er ikkje haldbart at jenter må slutte på skule grunna mensen i 2018

Så kjære Bent, og kjære Nikolai; dette er ei oppmoding til dykk. Dette er ei oppmoding om å møtes over ein kopp kaffi og snakke litt om menstruasjon. For dersom to menn i dress kan møtast og diskutere korleis ein kan samarbeide politisk innan helse og utvikling for å sikre tilgang til trygge og reine sanitæranlegg, gode hygieneprodukt og minske stigma kring mensen, er ein komen eit godt stykke på veg i å sikre lik tilgang til utdanning.

LES OGSÅ: Hipp hurra for mens!

Kjelder:

Norad, 2017. Henta 13.08.18, frå https://www.norad.no/tema/utdanning/jenter/

United Nationes, 2017. Henta 14.08.18, frå https://sustainabledevelopment.un.org/sdg5

World bank group, 2016. Henta 14.08.18, frå https://data.worldbank.org/indicator/SE.PRM.CMPT.FE.ZS?locations=XM